Tysdag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ein topp topptur til Innerdalen. – Ja, ikkje slik at vi var på Tårnet eller enda verre spissar, men det å rakkel innover og oppover i godt lag til Innerdalen åpnar seg, det er makalaust!, fortel Kristian Ranes i Fjellgrppa
Les heile saka
Sanitetsforeninga starta haustsesongen med medlemsmøte på Kvernhaugen hos Ragnhild Ansnes Moe og ikkje i Sanitetshuset som vanleg. Dette fordi møterommet no blir restaurert.
Les heile saka
Nok ein gong er alle gode krefter mobilisert for å arrangere Kårvatn Skyrace – årets arrangement er nummer 6 i rekkja, og i skrivande stund tysdag føremiddag er det alt over 60 påmeldte. I fjor var det godt over hundre deltakarar, og det blir nok eit rush med påmelding fram til påmeldingsfristen går ut torsdag kl 23.59.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 15. august klokka 11:00 til stavgangtur til Holtasetra i Søyådalen.
Les heile saka
Fredag 16. august mellom klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til nytt bakeriutsal. Dette er siste helga før skulestart, så da kan det kanskje vere greit å kose seg litt med gode bakevarer før skulen tek til att?
Les heile saka
Det har vore godt vokstravêr no på tampen av sommarsesong, og 3.-slåtten er forlengt komen i gang rundt omkring i bygda. Håvard Halset seier at det er bra med gras, og no satsar han på at det som kunne vorte 4.-slåtten skal bli fine beiter om nokre veker.
Les heile saka
Den siste veka har det vore gjort ein stor innsats mot gjengroing langs vegkantane. Veidekke har drive kantslått – faktisk så langt som 6 meter frå kvitstripa enkelte plassar. Uti todalsstranda er det mannskap frå Svorka som har rydda unna kraftlinja som går utover langsetter vegen.
Les heile saka
Det er ikkje berre i Paris det er medalsjehaust – denne helga har Ola Vikan frå Nordvik delteke i Midtnorsk mesterskap i motocross i Verdal, og har gjekk han heilt til topps i klasse 10-12 år.
Les heile saka
Fredag ettermiddag og kveld var det aktivitetsdag i tunet på Bruset i regi av Todalen elveeigarlag. Laget ønsker å fremme interessa for elvefiske, samtidig som det også var lagt inn andre aktivitetar i programmet. Elveeigarlaget hadde hyra inn Start 4H og Todalen idrettslag som medarrangør og denne fine sommarkvelden kom det nærare 50 deltakarar med smått og stort.
Les heile saka
Torsdag kveld inviterte Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) til «Fiskesommer» i Slettneset på Nordvik. Arrangørane, med Ola Røe i spissen hadde laga eit flott arrangement med høg trivselsfaktor og litt konkurranse.
Les heile saka
Laurdag 17. august kan du være med på sommarens finaste løpetur, lokkar Trollheimen Fjellsportklubb på sine FB-sider. Da går nemleg Kårvatn Skyrace av stabelen, og da kan du velge om du vil ta løypa på 4 km, 10 km, 15 km eller om du vil ta den heilt ut og velge løypa på 29 km.
Les heile saka
Tysdag 13. august er Fjellgruppa klar for utflukt til Innerdalen og nystekte bakels og kaffe på Renndølsetra. Kl 10:30 møtes vi nedafor Øyekjerka, og lastar opp før vi køyrer til Kvennaferga og vidare til Virumdalen, der vi parkerer ved Nerdalen. Så går vi i samla flokk til Renndølsetra. – Vi trur det blir ein fin og triveleg start på hausten, skriv Kristian Ranes i Fjellgruppa i ei pressemelding.