Onsdag var 10.-klassen ved Surnadal ute på busstur for å bli kjent i sitt eige distrikt. Da gikk turen mellom anna til Todalen, der dei var innom fleire plassar som Svinviks arboret, Todalshytta, gammelfabrikken i Brusetmarka og ein svipptur til Kårvatn.
Les heile saka
Tysdag kveld var det ein spennande og underhaldande fotballkamp på Bordholmen. Søya/Todalen møtte Rindal i klassen J 10.
Les heile saka
Det er stor skogbrannfare i det meste av landet, og brannsjefane i Nordmøre og Romsdal innfører difor eit midlertidig totalforbud mot bruk av open eld utadørs. Det har vore minimalt med nedbør i mai månad, og det er tørt både i skog og mark. Brannfaren er overhengande og difor kjem no forbudet.
Les heile saka
Todalen barnehage skal ha Sommarkafè og opne utstilling i Skulstuå torsdag 31. mai kl 13.30. Dei inviterer alle til å kome og få ein kaffekopp – og til å sjå på noko av det barna har laga i løpet av året. Utstillinga held ope til kl 15.30. Alle er velkomne på utstilling!
Ola Kvendset er i gang med slåtten – han er først ute i år, men det er mot sin vilje fortel han. – Må berre starte på no, for det er så tørt at graset minkar for kvar dag som går no. Lite regn, men mykje sol og høg temperatur gjør at den tørkesvake jorda på Kvennset no tek skade av tørken.
Les heile saka
Måndag kveld var det slåttedugnad på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Ei 20-tal deltakarar tok jobben med rydding, kantslått og finpuss rundt omkring på kyrkjegarden.
Les heile saka
Leiaren i Todalen historielag minner om at fristen for å melde seg på turen til Valsøyfjord er 1. juni. Det er framleis nokre få ledige plassar i bussen. Påmelding til Marit Haugen eller John Moe.
Stangvik historielag og Todalen historielag inviterer til busstur 9. juni. I fjor gjekk turen til Oppdal – i år går turen til nabokommunen vår Halsa, nærare bestemt Valsøyfjord.
Les heile saka
I morgon er det nok ein storkamp på Bordholmen. Da møter Søya/Todalen Rindal 1 i klassen J10.
Les heile saka
Måndag 28. mai var det tid for årets første RUSLETUR, og riktig mange møtte opp for å vere med på trim med kaffelag i godt turver.
Les heile saka
Vårsøghelga avslutta ei omfattande program med konserten med Engegardskvartetten i Svinviks arboret i går kveld. Det var bra med folk som møtte på konserten i arboretet, og dei kunne kose seg i sommarkvelden med både song og musikk. Programmet starta med strykarar frå kulturskulane i Sunndal og Indre Nordmøre som opptredde med eit fellesprosjekt. Dei vart akkompagnert av Erik […]
Les heile saka
I helga har Erik Kårvatn delteke på Trondheimslekene 2018. Eit stort friidrettsstemne kor friidrettsutøvarar frå heile Midt Norge møtes for ulike friidrettsgreiner. Erik spring for Rindal IL og har delteke i to ulike distansar; 400 meter i går, og 800 meter i dag.
Les heile saka
Anders Gjeldnes fortel i ein epost til redaksjonen at Ragnar Halle har teke initiativ til ein dugnad på kyrkjegarden for å pynte rundt gravstøttene og kyrkjegardsmuren. Denne blir allereie i morgon klokka 19.
Les heile saka