Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kart over Kvennalandets turmuligheiter

Elinor Bolme Torsdag 6. juli 2017

IL Søya har no fått utarbeida eit nytt kart som viser fine sykkelturer og trimturer på Kvanne og Stangvikområdet. Kartet kan du sjølv skrive ut for å ta med deg på tur, eller du kan sjå det i levande live på Søyabanen, Vang og Svissholmen.

Les heile saka

74 av 75 påmeldte lag i god tid før fristen

Elinor Bolme Onsdag 5. juli 2017

I underkant av to måneder før avspark er Søyacupen lørdag 26. august nå tilnærmet fullbooket. Med plass til ca 75 lag, så har klubben nå de siste dagene fått inn de siste påmeldingene og kan nok en gang konstatere at dette er en av regionens største cuper.

Les heile saka

Kom og hør Jo Sverre i arboretet

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juli 2017

Søndag 9. juli kjem Jo Sverre Sande til Svinviks arboret for å halde konsert. Rindalingen har markert seg skikkeleg i musikkmiljøet dei siste åra, og var sist i Todalen som deltakar på låtskrivarseminaret på Todalshytta og deltok i den samanheng på konserten Raus 2017. No er han altså aktuell med eigen konsert i arboretet søndag kveld kl 18.00.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for juni

Ole Petter Talgø Onsdag 5. juli 2017

Finvêret har vist seg i det siste og vi er inne i sommarferiemånaden juli, som betyr at vi skal kåre vinnaren av månadens bilete for juni. Nedanfor finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden. Du kan stemma ein gong i døgnet (kvar 24. time) fram til fredag kveld.

Les heile saka

Hardtrening fram til Bøfjordhelga…..

Jon Olav Ørsal Måndag 3. juli 2017

Seniorlaget til Todalen I.L. er ikkje med i serien, men har det artig med fotball likevel. Til helga skal dei til Bøfjorden for å forsvare Todalens æra under Bøfjordhelga. Vi reknar med å ta alle 3 poenga under denne kampen, skøyar fotballsjef Knut Bergli når vi snakka med han i dag.

Les heile saka

Todalshytta: – Balldag på onsdag denne veka!

Jon Olav Ørsal Sundag 2. juli 2017

Todalshytta melder om at det denne veka blir balldag på onsdag.  Dette på grunn av at balldagen kolliderer med eit anna arrangement på Todalshytta denne tysdagen, melder Eric Malling som er vertskap på Todalshytta.  Onsdag blir balldagen til vanleg tid – frå kl 14.00 til kl 17.00.

Les heile saka

Bli surnadalsmeister i smærgræt!

Elinor Bolme Sundag 2. juli 2017

Surnadal Sparebank har lange tradisjonar med å støtte lag og foreninger økonomisk, både i form av gavetildeling og sponsing. Dette mangfoldet ønsker dei no å vise fram når dei laurdag 2. september skal feire sin 175 årsdag på Skei.

Les heile saka

Ein triveleg dag både for små og store på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juli 2017

På Todalsdagen var det full fart med fotball på 5 banar heile dagen – stor stemning var det og det er vanskeleg å skjønne korleis kreften strakk til for alle smårollingane som spela mange kampar i løpte av dagen og likevel hadde krefter til å delta på MiniRæta og til å kjøre trøbil rundt omkring på Bordholmen når dei hadde fri mellom kampane.

Les heile saka

Ung, lokal vinnar i Ræta Opp – oppdatert med resultatliste

Elinor Bolme Laurdag 1. juli 2017

Med knappe 86 betalande deltakarar vart det unggut og todaling Erik Kårvatn som vart den sterkaste i det vi no kan kalle tradisjonsløpet Ræta Opp. Erik låg på andreplass fram til siste kneika opp Reita, men «fekk» leiinga etter at leiande Kevin Anders Brusethaug sprang litt feil i traseen og tapte verdifull tid.

Les heile saka

Fotballfesta på Bordholmen er i gang…..

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juli 2017

Første avspark er gjort – kampen mellom Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen (STKU) og Bud vart Todalsdagens første kamp av rundt 60 kampar utover dagen. Det gikk ikkje meir enn rundt 6 minutt ut i kampen før Sander Roaldsøy sørga for cupens første mål for bud.  No er det meste i gang – vi var der i 8.30-tida og […]

Les heile saka

Klare til å ta i mot over 30 fotballag og skal arrangere et 60 tals fotballkamper

Jon Olav Ørsal Fredag 30. juni 2017

Fredag kveld var det siste innspurt på dugnadsarbeidet og no er det klart til å ta i mot gjestane.  Til Todalsdagen kjem det over 30 fotballag og det skal arrangerast over 60 kampar i løpet av laurdagen.  I tillegg arrangeres mosjonsløpet Ræta Opp, der over hundre deltakarar skal starte på Bordholmen og så ein svipptur til Halsetræta for å prøve seg på motbakkane der…

Les heile saka

Har du gamle plantesortar som er kjøpte frå Svinviks arboret?

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. juni 2017

Svinviks arboret ønskjer hjelp frå publikum til å finne sortar og gamle typar av kulturplantene som vart selde frå Svinviks arboret under Anne og Halvor si tid. Vi i arboretet ønskjer å samla inn meir kunnskap om kva planter som har vore selde i Svinvika gjennom tida. Vi er også interesserte i om nokon har […]

Les heile saka