Tydelege spor fortel om at gapkjøring har pågått i lysløypetraseen på Tjønnmyra. – Dette er helt forkasteleg, seier leiar i Todalen Idrettslag Nils Ove Bruset, og minner om at dette er eit anlegg som er bygd på dugnad og finansiert med tippemidlar.
Les heile saka
I dag har vi nok hatt sommarens varmaste dag hittil. På tidleg ettermiddag viste gradstokken 32,5 grader, og da føltes best å ha minimal fysisk aktivitet og rikeleg med drikke. Heldigvis er det rikeleg med kaldt vatn i Lauvåvatnet enno, så det er ingen problem med å etterfylle væske
Les heile saka
Fredag vart det funne ein død selunge på yttersida av småbåthamna på Kvennset. Området rundt småbåthamna, der elva og fjorden møtes, er hyppig bruka til bading og det var badegjestar som oppdaga den døde selungen som låg i flomålet.
Les heile saka
Den 13. Stangvikfestivalen tjuvstarta i Todalen ungdomshus torsdag kveld. Det var stappfull sal da festivalsjef Jo Inge Nes opna årets festival, og det var varmt både inne og ute. Unni Boksasp Ensemble stod på scena og tok publikum med på ei spesiell og spennande musikalsk reise – Opus 7217!
Les heile saka
Surnadal hadde i junni besøk av ein overvettes ivrig Tony Hoskins som skal bidra til ein BBC-dokumentar om Spitfire-flyet som styrta på Nordmarka i 1942. Fredag 27. juli kl. 14 kjem han tilbake til Surnadal kulturhus – og håpar med god hjelp frå surnadalingane å rekonstruere mest muleg av det spesielle flyet, melder kultureininga ved Surnadal kommune
Les heile saka
I dag har Træff med dei fire surnadalsjentene spela to nye kampar i Dana Cup i Danmark. Første kampen møtte dei Kenty BT frå Sverige. Her vann dei komfortabelt 5-0, før dei fekk ein liten pause utpå dagen før ny kamp til kvelds. Denne var mot Trondhems-Ørn, og trønderjentene tok leiinga ganske fort.
Les heile saka
Svanhild Husby med ensemble kjem fredag 31. august kjem til Todalen ungdomshus med sin musikalske miniturne. Etter forrige års suksess med Lykkeland er det no klart for ei ny oppsetting som får sin premiere i Sagatun 24. august. Vidare går ferda til lauvtun i Betna den 25. august og til Todalen ungdomshus den 31. august. Laurdag 1. september blir det avslutningsforestilling på Billaget på Surnadalsøra.
Les heile saka
Onsdag trefte vi handelsmann Nordvik som var travelt oppteken med lasting av varebilen med kurs for Stangvika. Matkroken Todalen har fått alle leveransar av matvarer til Stangvikfestivalen, både for aktivitetane i Bondehuset og til «festivalhotellet» på Årvak, der ein del av artistane bur i festivalperioden. Det er ein del av strategien til Stangvikfestivalen å bruke lokale leverandørar seier Nordvik, og siktar til at festivalen faktisk startar i Todalen torsdag kveld.
Les heile saka
Kvinneutvalget i Surnadal jeger og fiskerforening i lag med kvinneutvalget i fylkeslaget inviterer til aktivitetshelg for jenter 11.- 12.august 2018. Dei gjentek opplegget frå i fjor, og legg turen til Jutulbu i Halsa.
Les heile saka
Måndag kveld hadde styringsgruppa i bolystprosjektet «Todalen 2022» eit evalueringsmøte etter arbeidet som starta for knappe to månadar sidan. Og dei tre karane Ragnar, Jostein og Bjørn Gunnar var godt fornøgd med utviklinga i prosjektet så langt. Styringsgruppa fekk i første omgang mandat å skaffe kapital, og saman med PT-utvalget å endre styringsform på PT-utvalget til eit grendalag.
Les heile saka
Denne helga sparkar unnar og ungdommar frå heile verd i gang verdas største fotballturnering atter ein gong. Sidan 1972 har Bækkelaget FK arrangert turneringa si på Ekeberg, medrekordoppslutning på godt over 2100 lag og 6000 fotballkampar i løpet av ei veke. Hverken Todalen eller Søya stiller eigne lag i år, men det likevel fleire ungdommar frå begge klubbar representert.
Les heile saka
Surnadal kino hadde som målsetting å nå 700 i besøk på «Mamma Mia 2». No ligg det an til enno betre tal. For det var 371 som fekk med seg «Mamma Mia – Here We Go Again» på opningshelga, og det er knapt 100 som allereie har reservert billettar til komande framsyningar.
Les heile saka