Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SJFF underteikna driftsavtale for Vaulen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 24. august 2024

På Surnadal kommune sine heimesider, kan vi lese at Surnadal kommune og Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) fredag signerte ein avtale avtale om drift av eigedomen Vaulen på Nordmarka. Det var ordførar Hugo Pedersen og leiar i SJFF Turid S. Eggen som signerte avtalen.   

Les heile saka



Minnemarkering Alf Ramsøy 100år

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. august 2024

  I samråd med familien vil Skulstuå laurdag 14.september 2024, markere at det er 100år sidan Alf Ramsøy vart fødd. Alf var fødd 1924 og døydde i 2014. Det vil bli eit allsidig program og aktivitetar for alle, med tilhald i Skulstuå, Todalen skule og omegn. Sett av datoen, meir detaljert info kjem, skriv Skulstua […]

Les heile saka

Planlegging for «Lauvfall»

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. august 2024

Kveldens trimtur til Toåa tursti avslørte at det var eit eller anna som foregikk ved eit av borda som er utplassert attmed gapahuken i Båthølen.  Med PC’n på bordet og kaffekanne for traktering skjønte vi at det var møte på gang. 

Les heile saka

Laurdag er det klart for Søyacupen 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. august 2024

Laurdag 24. august er det klart for årets utgåve av Søyacupen på Søyabanen. Med 83 påmeldte lag og rundt 2000 spelarar i alderen 6 – 12 år, er årets utgåve av Søyacupen den største som har vore arrangert gjennom alle tider fortel arrangøren. Så da er Søyabanen rette plassen å dra til for alle fotballinteresserte på laurdag! 

Les heile saka


Fjellgruppa tok turen til Rindal og Garbergfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. august 2024

Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Garbergbjellet i nabokommunen Rindal. Og rapportane frå turen tyder på at det vart ein fin tur, sjølv om det låg litt regn i lufta, for for dei tjuefire fjellvandrarane. Dei hadde fått med seg Inge og Odd Inge som kjentmenn. 

Les heile saka

Sesongens siste kurs for nybegynnarar i golf

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. august 2024

Har du, eller nokon du kjenner, lyst til å lære å spele golf? Eller få ein liten «smak» av golfsporten? Da har du sjansen helga 13. – 15. september, for da inviterer Surnadal Golfklubb til årets siste VTG-kurs («Veien Til Golf») på golfbanen på Mo.  

Les heile saka



Surnadal Pensjonistlag inviterer til medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. august 2024

Onsdag 28. august klokka 1500 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte i Frivilligsentralen sine lokaler på Skei.
Tor Holten held kåseri, som han har kalla «Tankar omkring sørsamane i Trollheimen og Finn-Torkjel»

Les heile saka