Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

T.I.L. – Inviterer til julebordfeiring i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Fredag 12. oktober 2018

Laurdag 17. november blir det arrangert stort julebord i Todalen ungdomshus. Da inviterer Todalen Idrettslag alle sambygdinger til sitt første julebordarrangement. Det trur vi skal gå veldig bra, for vi er vant med store festarrangement og matservering – ikkje minst i samband med hjortfestane som lenge hadde stor oppslutning og gikk for fulle hus, seier leiar i Todalen I.L. Nils Ove Bruset. – Vi trur dette blir artig!

Les heile saka

Sesongslutt – siste stavgangtur til Vang

Wenche Ø. Kvendset Torsdag 11. oktober 2018

I det fine høstværet tok stavgang gruppe avslutningsturen for i år med utgangspunkt på skisentret på Vang. Mange glade trimere hadde funnet veien i dag også og endel tok veien opp til Haukarberget. Dette var den siste turen for i år. I sesongen har det vært med godt over 300 trimere på turene og det har gjort godt for kropp og sjel.

Les heile saka

Velferdsteknologi – kva er det?

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. oktober 2018

Skal vi bli passa av velferdsteknologi når vi blir eldre? – Det er mange spørsmål knytta til korleis ein kan nytte velferdsteknologien og korleis den kan fremme mestring aktivitet. Torsdag 18. oktober kl 12-14 held Prosjektleiar Tone Bye i Pensjonistforbundet foredrag om dette emnet i kinosalen i Kulturhuset.

Les heile saka

Enn å grise til slik på rasteplassen!!

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. oktober 2018

Eit lite tips gjorde at vi tok turen til rasteplassen som ligg ved vegen i Stranda inn mot Todalen. Da vi nærma oss var ein stor flokk med måse og kråke det første vi fekk sjå, men dei letta før vi fikk kamera «skuddklart». Og det var slett ikkje vanskeleg i finne årsaka – mange kilo med fiskeavfall var tippa rett utom kanten på rasteplassen. Her er det duka til kalas både for kråker, måser og kanskje til og med havørn dersom ingen tek affære og fjernar griseriet.

Les heile saka

No blir det basartid utover hausten

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. oktober 2018

Søndag 28. oktober melder Todalen idrettslag om basar til inntekt for Trimgruppa og Ski- og friidrettsgruppa i fellesskap. Det skjer i Todalen ungdomshus, og startar kl 16.00. Programmet står basarbord, åresal og utdeling av premiar for lagseriestemne og for trimbøkene som no har slutta av sommarsesongen.

Les heile saka

Songkveld på Eidet Bedehus

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. oktober 2018

Fredag 19. oktober kl 18.00 blir det songkveld med «Sveinane» frå Levanger (Svein Gjære og Svein Volle) gamle og nye songar med musikk, Ola Bræin sine vakraste salmetonar i ord og på munnspel, Vidar Rygh andakt. God servering og hygge.
Set av kvelden og kom! – Arrangør er Normisjon.


Så blir det rekkverk i Brusetmelan

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. oktober 2018

Utbetringsarbeidet i Brusetmelan er i ferd med å kome til vegs ende. Fyllingane er på plass og det er opparbeidd 2 møteplassar, slik at iallfall mindre bilar kan passere kvarandre. No er det rekkverk som står for tur, og tysdag morgon starta arbeidet med å montere rekkverk frå Vangen og innover til vegen som går til Hjellen. 4 mann og 4 bilar får Gjerde fikk unna seg arbeidet og dei rekna med å bli ferdige før dei tok kveld.

Les heile saka


Haustakkefest og konfirmantjubileum

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. oktober 2018

Laurdag 20. oktober inviterer Todalen sokneråd til konfirmasjonsfest med middag og kaffe i Todalen ungdomshus. Da inviteres 50-årsjubilantane både frå Todalen og Stangvik til festa der det blir både underhaldning, quiz og loddsal. Festa startar kl 18:00. Søndag 21. oktober blir det gudsteneste og hausttakkefest både i Todalen kyrkje kl 11, og i Stangvik kyrkje kl 13:30, med Kristin Strand som prest.

Les heile saka

Nok ein leiteaksjon i nattmørket i natt

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. oktober 2018

Lensmannsvakta i Surnadal fikk ikkje mykje ro i natt. Ikkje før var dei kome heim frå aksjon ved Talgøsetra så «tikka det inn melding» om sakna saueleitar i Romådalen – eller nærare bestemt i området mellom Rognnebba, Fruhøtta og Peikhøtta, fortel politibetjent Per Gjeldnes. Der var det 1 meter snø, og da sjølvsagt dårleg føre både for saueleitarar og sauer. Og herfra er det heller ikkje så lett å få kontakt med omverden.

Les heile saka

Vart overraska av mørkret

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. oktober 2018

Nokre utenlandske turistar på fottur i retning Bjøråskaret måtte måndag kveld ha assistanse for å finne vegen nedatt.  Dei hadde starta frå Innerdalsmerket og gått etter turistlina i retning Bjøråskaret. På turen nedatt kom nok haustmørkret litt fort på, og dei mista kontakten med den merka stien (turistlinja frå Innerdalsmerket til Innerdalen). Etter kontakt med […]

Les heile saka

Berre smular til samferdsel i Møre og Romsdal

Jon Olav Ørsal Måndag 8. oktober 2018

I dag er det nok dent nye statsbudsjettet for 2019 som har vore det store samtaleemnet. For Møre og Romsdals del er ikkje det så mykje å skryte av og spesielt ikkje på samferdselssektoren. Ordførar Lilly Gunn var rett og slett frustrert på Møre og Romsdals vegne – berre 20 mill. til nye vegar, men ho tykte det var positivt at den posten i sin heilhet gikk til E39 på strekninga Betna – Stormyra da om enn sterkt forsinka.

Les heile saka