Det er vel i tidlegaste laget å seie at Hageland er i gang med vårsesongen, når det er 10 -12 kuldegrader ute og langt på veg ein meter snø. Men på Hageland er pallekragar, jord, frø og vekstlys alt på plass og klart til bruk.
Les heile saka
Det er vel i tidlegaste laget å seie at Hageland er i gang med vårsesongen, når det er 10 -12 kuldegrader ute og langt på veg ein meter snø. Men på Hageland er pallekragar, jord, frø og vekstlys alt på plass og klart til bruk.
Les heile sakaFørstkomande fredagskveld blir du invitert til å bli med og sette ditt eige kunnskapsnivå på prøve. Det skjer i Nordvik forsamlingshus frå kl. 20.00 og det er grendelaget som står som arrangør av fredagsquiz. – Dette er eit prøveprosjekt, seier Ola Magne Nordvik som er «spørsmålmakar» denne kvelden, og han fortel at det vil bli både lokale spørsmål og spørsmål med regionalt og nasjonalt tilsnitt.
Les heile sakaTodalen Bodybyggjarlag held fortsatt koken og melder om knallføre i sporet på Tjønnmyra. Dei har no skifta beite og møtes mandagane presis klokka 18.30 til felles trim og litt sosialt attåt. I kveld var dei fem stykk som møtte opp og jakkane som låg slengt rundt om i løypa vitna om at dei held varmen trass 7 minusgrader.
Les heile sakaEit heilt år sidan sist, men vi har no 12 nye bileter som skal med i kampen om å verta årets bilete 2018 . Vi ynskjer at du røystar på det bilete du synest fortener det aller mest.
Les heile sakaIndre Nordmøre forsvarsforening arrangerte prøve til skiskyttarmerket etter militært program laurdag 19. januar på Toreseter i Bæverdalen. Programmet var 10 km langrenn med skyting av 10 skott mot skiver på 100 meters avstand. Lars Halle vann klassen med sivile ski og sivilt antrekk med tida 38,40. Halle hadde 8 treff.
Les heile sakaKveldens fellestur til Gunnøya samla i starten fem stykker ved Bønnavollen som med godt mot trass nesten 15 minusgrader tok fatt på turen ned til gapahuken. Her var det ulikt fottøy på dei oppmøtte; både truger, ski og til og med kun joggesko ville prøve seg i laussnøen. Men stien har siste veka vore godt besøkt, så alle fekk valuta for oppmøtet med månen som lyste opp over bygda.
Les heile sakaSøndag ettermiddag arrangerte Todalen historielag ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Som vanleg trekte arrangementet mange historieinteressert for å høre Helge Husbys kåseri om slaget i Gratangsbotn den skjebnesvangre aprildagen i 1940. Det har nærast vore lagt lokk på denne hendinga – både i Gratangsbotn og deltakarane i Trønderbataljonen som var i harde kampen under slaget her den 25. april 1940.
Les heile sakaI kveld inviterer Toåa Tursti til fellestur til Gapahuken i Gunnøya. Det meldes om kjempefine forhold for truger helt fra Bønnavollen til Halsabrua. Det blir start ved kyrkja/Bønnavollen klokka 18. Derifrå går turen ned til Gunnøya, og eventuelt vidare til Halsabrua om nokon ønsker det. Det går også an å ta turen andre vegen om nokon heller ønsker det, så møtes ein i Gunnøya.
Les heile sakaLaurdag var det «på’n igjen» med strikkekaffe i Sanitetshuset. Med Todalen Sanitetsforening som arrangør, og Arndis Søyset og Helen Saksen som vertinner vart det ein triveleg og vellukka strikkekaffe igjen. På årets første strikkekaffe var det ikkje noko spesielt tema, så det var strikking og sosialt samvær som stod på timeplana for dei rundt 20 frammøtte.
Les heile sakaPå parkeringsplassen ved Matkroken var Arne Harald Moe i gang med å fortære formiddagsmaten. – Med motoren i gang var det tydeleg at det var travle tider, og brødskivene gikk ned på høgkant – saman med ein slurk med kaffe. Snøværet som har vart fleire dagar set faktisk brøytemannskapa på prøve, for dette er arbeid som skal utførast etter kontrakten og da er det berre å stå på.
Les heile sakaLaurdag føremiddag hadde Michal Heimlund teke plass i kaffekroken for å selje medlemskap i Todalen Idrettslag. Idrettslaget har forresten allereie rundt 290 betalande medlemar, og det er slett ikkje verst når vi her i bygda har rundt 300 innbyggjarar med smått og stort.
Les heile sakaSvorka melder om straumutkopling på strekninga Todalsstranda-Todal-Kårvatn førstkommande søndag mellom 9 -10.30. Dei skal i tidsrommet utføre litt nødvendig arbeid på strømnettet som krev utkopling ei lita stund.
Les heile saka