Fredag tok elevar og lærarar frå første til sjuande klasse ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter turen til Todalen og Bordholmen stadion for å ha friluftsdag med fokus på friidrett. I tillegg bruka dei det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag.
Les heile saka
I går starta arbeidet med den planlagte minnelunden på kyrkjegarden i Todalen. Soknerådet i Todalen har jobba i fleire år med planlegging og finansiering av prosjektet som no er i gang. Det er soknerådet saman med Per E. Gjeldnes Maskin som no har starta jobben.
Les heile saka
Da har vi lagt inn Remidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for september og oktober 2024 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for november og desember blir lagt ut i starten av november.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde torsdag invitert til stavgang i Svinvikrunden, og tjuefire stavgangarar responderte på invitasjonen og møtte opp i det fine turvêret.
Les heile saka
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunnet tåke blir 08:15 fra Rykkjem og 08:30 fra Kvanne innstilt, melder Fjord1 til Todalen.no. – Ei ny melding kl 9:38 bekreftar at sambandet gjennopptek normal drift frå kl 10:00
Turgruppa i Gamle Stangvik i samarbeid med Stangvik historielag inviterer til tradisjonell Årnesdag laurdag 7. september med variert opplegg; både tur og kåseri.
Les heile saka
Det er utruleg rart kor snart ting blir historie – torsdag kveld inviterte Todalen historielag til filmkveld. Filmane som vart vist i kveld var ein sekvens med fleire filmstubbar frå 90-talet. Det var litt frå barnehagen og litt frå andre arrangement. Etter kaffepausen var det film frå 2013 – opptak som vart gjort da «ras-ferga» trafikkerte mellom Todalen og Kvanne, da vegen var stengt etter raset i stranda. Veldig artig å sjå att alt dette gamle videomaterialet som historielaget har teke vare på.
Les heile saka
Leitinga etter shibaen Natiri går no på fjerde døgnet, men er like resultatlaus, fortel Anders Mo som er matfar og fortvila eigar. Sjølv har Anders leita kvar dag, og har hatt god hjelp av venner. I kveld har venner frå hjelpekorpset vore med på leitinga i det mest aktuelle terrenget med drone og termisk kamera – framleis utan resultat.
Les heile saka
Tysdag inviterte Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Kvenndalen og Skarfjellet. Og det vart ein fin haustur for fjellvandrarane i fine farger, men både med litt regn i lufta og skodde innimellom. Med fjelllvandrarane tok ikkje skrekken og fekk ein fin tur i fine haustfarger.
Les heile saka
Torsdag 5. september klokka 18:30 inviterer Todalen historielag til «historisk filmkveld» i Todalen ungdomshus. Her vil det bli vist filmar Svein Åge Saksen har laga frå Todalen barnehage, og litt frå Todalen skule i tidsrommet 1991 – 95. Så her kan det vere nokon som kan få sjå seg sjølv i ei litt yngre utgåve?
Les heile saka
Statsforvaltaren har bede Surnadal kommune avklare om det er lokal aksept for å gå vidare med ei utgreiing om å endre verneform og utvide verneområdet i Trollheimen. Surnadal kommune inviterer no innbyggarane sine til å gje skriftlege innspel innan 30. september.
Les heile saka
Nikolai Søyset Hopland, sonen til Anne Søyset frå Heimstad, har hatt ei fin og stigande kurve på fotballbanen. Noko som gjer at han frå 1. september i år og fram til juni neste år får sjansen til å spele fotball i Eresdivisie i Nederland.
Les heile saka