Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarane tok turen til Søyådalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. august 2024

Torsdag 15. august inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Holtasetra I Søyådalen. Responsen på invitasjonen var god, og 22 stavgangarar møtte opp for å bli med oppover til Holtasetra. 

Les heile saka

Inviterer til «Lauvfall» 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. august 2024

I samband med at Surnadal kunstforening inviterer til den juryerte kunstutstillinga «Laufall» 21. september til 5. oktober i Galleri Finstuå på Surnadal kullturhus, inviterer dei no kunstnarar til å sende inn bidrag til årets «Lauvfall» 2024. 

Les heile saka

Bra påmelding til Kårvatn Skyrace 2024 – blir kamp om pallplassen

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. august 2024

Ved midnatt går fristen ut for påmelding til årets Kårvatn Skyrace.  På morgonkvisten var talet for påmeldte passert 70, og det blir nok eit rush med påmeldingar fram mot fristen som går ut kl. 23.59.  Det er fine tilhøve i fjellet og godt merka – arrangøren Trollheimen Fjellsportklubb har lagt ned ein stor innsats i forkant av arrangementet.

Les heile saka

Markerte billigare barnehage og SFO frå 1. august

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. august 2024

Maksprisen for barn i barnehage er frå 1. august sett ned til kroner 1.500 i kommunane i kategori 5 og 6, der Surnadal kommune er plassert. Frå same dato er det også innført gratis kjernetid for ungar i tredje årstrinn som nyttar SFO. Dette vart vedteke i statsbudsjettet for 2024 rett før jul i fjor. 

Les heile saka

Fjellgruppa med topp topptur til Innerdalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. august 2024

Tysdag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ein topp topptur til Innerdalen. – Ja, ikkje slik at vi var på Tårnet eller enda verre spissar, men det å rakkel innover og oppover i godt lag til Innerdalen åpnar seg, det er makalaust!, fortel Kristian Ranes i Fjellgrppa

Les heile saka


Kårvatn Skyrace 2024 – nr 6 i rekkja

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. august 2024

Nok ein gong er alle gode krefter mobilisert for å arrangere Kårvatn Skyrace – årets arrangement er nummer 6 i rekkja, og i skrivande stund tysdag føremiddag er det alt over  60 påmeldte.  I fjor var det godt over hundre deltakarar, og det blir nok eit rush med påmelding fram til påmeldingsfristen går ut torsdag kl 23.59.

Les heile saka


Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. august 2024

Fredag 16. august mellom klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til nytt bakeriutsal. Dette er siste helga før skulestart, så da kan det kanskje vere greit å kose seg litt med gode bakevarer før skulen tek til att? 

Les heile saka

3.-slåtten er forlengst komen i gang

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2024

Det har vore godt vokstravêr no på tampen av sommarsesong, og 3.-slåtten er forlengt komen i gang rundt omkring i bygda.  Håvard Halset seier at det er bra med gras, og no satsar han på at det som kunne vorte 4.-slåtten skal bli fine beiter om nokre veker. 

Les heile saka

Kjempar mot gjengroing

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2024

Den siste veka har det vore gjort ein stor innsats mot gjengroing langs vegkantane. Veidekke har drive kantslått – faktisk så langt som 6 meter frå kvitstripa enkelte plassar.  Uti todalsstranda er det mannskap frå Svorka som har rydda unna kraftlinja som går utover langsetter vegen. 

Les heile saka

Ola til topps i Midtnorsk i Verdal

Jon Olav Ørsal Sundag 11. august 2024

Det er ikkje berre i Paris det er medalsjehaust – denne helga har Ola Vikan frå Nordvik delteke i Midtnorsk mesterskap i motocross i Verdal, og har gjekk han heilt til topps i klasse 10-12 år.

Les heile saka