Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «høstquiz»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. september 2024

Fredag 4. oktober klokka 20:00 inviterer Nordvik Grendalag til «høstquiz» i Nordvik forsamlingshus. Det blir servert snacks og eventuell drikke tek ein med sjølv, og «høstquizen» blir avslutta klokka 01:00. 

Les heile saka

Ope møte om eventuell endring av vernestatus for Trollheimen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. september 2024

Todalen bøgdalag inviterer tysdag 1. oktober klokka 19:30 til ope møte om eventuell endring av vernestatus for Trollheimen. Møtet blir i Todalen ungdomshus og Hugo Pedersen kjem og orienterer om korleis dagens landskapsverneområde fungerer, og kva ei eventuell endringar frå landskapsverneområde til nasjonalpark og eventuell utviding av verneområdet vil ha å seie for framtidig bruk av Trollheimen. 

Les heile saka

Fjellgruppa tok turen til Telstadfjellet tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. september 2024

Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Telstadfjellet. – Vi starta frå Lunneplassen på Bergheim og følgde den ytre stien om Langurdenden til Telstadfjellet, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. 

Les heile saka

Førstehjelpskurs med søkelys på eldrehelse

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. september 2024

Det var sjølvsagt Todalen Sanitetsforening som stod som arrangør for førstehjelpskurset som var arrangert i Ungdomshuset måndag kveld, og høvet var Sanitetens veke som i år har førstehjelp for eldre som tema. Ut over eigen nytte så var kurset også aktuelt for pårørande og kanskje også for naboar?

Les heile saka



Tusen takk for alle bidrag til årets demensaksjon

Jon Olav Ørsal Måndag 23. september 2024

Da er årets resultat for Demensaksjonen klart og Surnadal demensforening og helselag, sammen med Åsgaard helselag er kjempefornøyd med et topp resultat på til sammen kr 141.867.  Stor takk til årets russekull ved Surnadal videregående skole, takk til ungdommene fra Surnadal ungdomsskole som har valgfaget «Innsats for andre» og takk til alle dere andre som gikk med bøsser for en god sak, skriver Surnadal Demensforening og helselag i en e-post til Todalen.no.

Les heile saka

Godt at Natiri vart funne, sjølv om ho var død

Jon Olav Ørsal Måndag 23. september 2024

Søndag var det 3 veker sia shibaen Natiri kom bort under ein fjelltur saman med eigaren Anders Mo.  Da starta marerittet for Anders, for hunden Natiri var det kjæraste han åtte.  Dei tre vekene har ikkje Anders fått fred i si sjel på grunn av dette.  Laurdag kveld kom telefonen som Anders hadde venta på i 3 veker – Natiri var funne, men desverre så var ho død.

Les heile saka

Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. september 2024

Fredag 27. september mellom klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til nytt bakeriutsal. Hausten er her, og vêret innbyr ikkje alltid til uteaktivitetar, så da kan det vere godt å slappe av inne med noko godt til kaffen!  

Les heile saka

Inviterer til «felles middag» onsdag 25. september

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. september 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 25. september klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.

Les heile saka


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 22. september 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. september . Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka