Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde tysdag invitert til fjelltur til Grytbakksetra øvst i Bæverdalen, men da det allereie var kome snø der, så vart det i staden tur til Årnes, Persullukammen og til slutt Ja-benken. Inga dårleg erstatning i følge rapportane!
Les heile saka
Kartlegging av behov for tiltak med tanke på at folk skal bu i heimane sine lengst mogleg – dette både med tanke på at dei eldre har ønske om det og det er også med tanke på at det skal avgrense behovet for institusjonsplassar. Myndigheitene har pålagt kommunane å kartlegge dette behovet, og i Surnadal er […]
Les heile saka
Tysdag 1. oktober vart ein festdag for Fjord1 og MF Stangvikfjord – det vart den offisielle dagen for overdraging frå verftet Havyard og Stangvikfjord foretok flaggbytte og kom under Fjord1s flagg. Det er no 4 år sia båten hadde sin jomfrutur og det går vel an å kalle det vaksendåp? Det var tidlegare ordførar Lilly […]
Les heile saka
Som eit ledd i jakt- og fiskeskule satsinga til Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) inviterer dei søndag 20. oktober klokka 08:00 – 16:00 ungdommar i alderen 14 – 18 år til «støkkjakt» på rype med instruktørar på Fauskåfjellet.
Les heile saka
Todalen bøgdalag minner om tysdagens ope møte om eventuell endring i vernestatus for Trollheimen landskapsverneområde klokka 19:30 i Todalen ungdomshus.
Les heile saka
Sanitetsforeninga har arrangert fire kløverturar i september; tre innafor Kammen og ei utflukt til Surnadalseidet og Kavlvegen.
Les heile saka
På Surnadal Golfklubb sine heimesider kan vi lese at Marius Kvande (15) frå Kvanne er Norges beste 15-åring i golf. I halga var han i Stavanger og spelte finalen i Srixon Tour. Finalen vart spela med 3 x 18 hål og gjekk føre seg laurdag, søndag og måndag. Marius vann både finalerunden i Stavanger og Srixon Tour samanlagt.
Les heile saka
Talgø brukar Gammelfabrikken og Todalshytta til forskjellig intern møteverksemd, men det hender og at dei blir leigd ut til andre når det høver slik. I dag var det Verneområdestyret for Trollheimen som rådde grunnen, der dei hadde samla administrasjonen og rådgjevande utval til såkalla dialogmøte.
Les heile saka
Måndag 30. september er sesongens siste dag i trimåret 23/24, og «På tur i Todalen 23/24» i Trimpoengappen blir avslutta. Tysdag 1. oktober tek den nye «På tur i Todalen 24/25» over stafettpinnen. Todalen Idrettslag fortsett altså med den populære trimappen også den komande trimsesongen.
Les heile saka
Med allsongen i sentrum og forsamlinga som hovudaktør inviterer koret P17 onsdag til «Kyrkjesongkveld» i Todalen. – Salmeboka er vår rikaste skatt av poesi og melodiar mellom to permar, seier korleiar Bernt Bøe. – Og snakk om breidde: Her svingar det frå bedehus til tempel, frå tango til hymner!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til køvertur måndag 30. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Det er no temmeleg nøyaktig 4 veker sia Natiri kom bort under ein fjelltur. Eigar Anders Mo seier at det i dag er ein gledens dag, når Natiri i dag vart henta ned frå Blåfjellet. Det har vore dårleg vêr i fjellet – regelrett snøfokk – men det hindra ikkje klatrarane i å kome opp til funnstaden, sjølv om det var ulendt.
Les heile saka