Kristin Kårvatn vant månadens bilete med korona avstand målt i snømenn. Vi gratulerer og lovar at premie vil bli overlevert. Som alltid vil vi takke alle våre bidragsytarar for at dykk held oss med bilete.
Les heile saka
Kristin Kårvatn vant månadens bilete med korona avstand målt i snømenn. Vi gratulerer og lovar at premie vil bli overlevert. Som alltid vil vi takke alle våre bidragsytarar for at dykk held oss med bilete.
Les heile sakaTodalsfan Andreas Belboe har sendt oss ein film fra Todalen 19. april. Han har filma med drone fra nedre del av bygda og sett saman ein to minutt lang filmsnutt. Kunne vore ein reklame for «Heimatt til Todalen» dette!
Les heile sakaI desse «koronatidene» har ein måtte planlegge merkedagane i mai utan det store publikum. Surnadal kommune har difor i år valt å filme markeringa av 8. mai.
Stig Cato Magnussen, områdesjef i Heimevernet, og kulturleiar Lilli Husby har derfor i dag lagt på krans ved dei tre bautane til minne om dei som mista livet da krigen braut ut i 1940.
Les heile sakaNo har alle dei personlege medlemmane til Todalen.no enten fått faktura digitalt eller i posten. Det betyr at om du IKKJE har fått faktura eller har vippa direkte, så er du faktisk ikkje eit personleg medlem.
Les heile sakaÅrets 17. mai blir også i Todalen skalert ned til eit minimum. 17. mai-komiteen ønsker å få til ei lita ekstra markering med det tradisjonelt biltoget i botnen. Derfor blir det flaggheising på Matkroen og Talgø og synging av nasjonalsangen før biltoget startar klokka 11 og fortsett turen opp til gammelfabrikken og runden ned rundt bygda igjen.
Les heile sakaNo er det mai og tid for å pynte opp. I år blir feiringa av 17. mai, andre høgtidsdagar og maifestdagar annleis enn vanleg. Kanskje er det da ekstra viktig med litt pynt for å setje farge på maidagane? Sanitetsforeninga sel maiblomster, ikkje på Halsbua som vanleg, men ved bestilling på grunn av smittesituasjonen.
Slik er opplegget:
I kveld er det manuell dirigering ved Svinviktunellene melder Mesta. Da er det tid for vårpussen og ein skikkeleg rundtvask. Arbeidet vil pågå ein tre-fire timar fra klokka 18 og utover.
Les heile sakaI går kveld kalla Todalen sokneråd inn til dugnad på kyrkjegarden. Og for ein respons dei fekk! Nærare 40 personar tok turen innom for å hjelpe til med vårpussen på «sin» kyrkjegard. Her var det raking, kvisting, klipping, planering og mykje sosialt samvær. Det brukar alltid å væra eit særs godt oppmøte på kyrkjegardsdugnadane på […]
Les heile sakaSpyling av asfalten utanfor Matkroken er eit like sikkert vårtegn som hestehoven. Med blinkande blålys i vegkanten på Kvendset fekk brannpumpa og -slangene til Todalen brannvesen ein test i kveldinga. Utrykningsgraden til brannvesenet avdeling Todalen ligg på pluss minus 5 i året fortel Håvard Halset. Og her er dei utkalla på både trafikk-, medisinske- og […]
Les heile sakaStyret i todalen.no har vedtatt at utsett årsmøte blir avholdt i Todalen Ungdomshus, onsdag 13. mai 2020, kl. 19-20. Her blir det i tråd med alle smittevernsreglar og dialog med kommuneoverlege Buan god avstand mellom dei frammøtte, antibac, inga servering og digital framvisning av alle dokument. -Eit årsmøte i Todalen.no har aldri samla meir enn 15 deltakarar, så gjennomføring vil gå både effektivt og i trygge rammer, forsikrer styreleiar Stig Husby.
Les heile sakaNo er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 11- mai og tysdag 12. mai. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.
Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391.
Les heile sakaTodalen sokneråd inviterer til dugnad på Todalen kyrkjegard tysdag 5. mai kl 18.00. Det er behov for å rydde vekk rusk og rask etter vinteren, og rette opp enkelte gravminne – og stelle rundt om kring på kyrkjegarden. Ta med reiskap til eigen bruk under dugnaden.
Les heile saka