08.04.2020: Statusrapport – gradvis reopning av barnehagar og skule. Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i Surnadal kommune. Regjeringa vidarefører alle tiltak fram til 20 april. Frå 20. april har regjeringa opna for ei gradvis normalisering i delar av samfunnet. Det er ei positiv nyheit at regjeringa no meiner det er grunnlag for å gi oss litt av kvardagen tilbake.
Les heile saka
På Talgø Møretre har det vore full fart og oppkjøring til ny sesong, sjølv om vi er midt i ei «koronatid», fortel marketingsjef Heid Snekvik til Todalen.no. – Vi tek sjølvsagt alle forsiktigheitsreglar for tilsette og kundar på største alvor og prøvar å ta godt vare på kvarandere. Talgø Marketing har laga ein flott film, som vi gjerne vil distribuere for å vise korleis det blir jobba og korleis verdiane og folket blir tekne vare på.
Les heile saka
Trine Engdal Storholt sitt bilete fint lys over Nordmarka vant månadens bilete for mars. Redaksjonen gratulerar og vil overbringa premie så snart som mogleg. Under finn du alle som var med i kåringa med fotograf. Ta gjerne noko fine bileter framover og send inn til oss
Les heile saka
Vi er no inne i det som blir kalla den stille veka. I år er det ikkje berre ettertanken som utgjer stillheita. Den stille veka har fått ei dobbel betydning ved at heile samfunnet er stille, dei normale aktivitetane inn mot påskehelga er avlyste i kampen mot koronaviruset. Dette er krevjande for kvar og ein av oss. Vi må finne oss i å leve med usikkerheit, vi veit ikkje korleis dette går. Vi veit ikkje når dette endar.
Les heile saka
Lars Kvendset har nytta påskdagane så langt til vedarbeid både til seg sjølv og andre. – Ein held seg varmen fleire gong av veden, skjemtar Lars som er god og svett av vedarbeid. Lars er snekkar til dageleg med i desse koronatider er det greit å ha litt vedarbeid og fylle på med.
Les heile saka
Todalen idrettslag med trimgruppa i spissen har alltid hatt arrangement i påsken som i år naturlegvis er avlyst. Men vi ønsker å seia god påske til alle som pleiar og delta på kjerringdilt og gudsteneste. Heldigvis bur vi tett på naturen og friluft som har døgnåpent,og har unike moglegheiter for å få trimma oss så lenge […]
Les heile saka
Todalen Bodybyggarlag er sjølvsagt hardt ramma av koronakrisa som herjar landet. Vanlegvis har dei aktivitetane sine enten på Hett& Svett eller på Tjønnmyran på måndagskveldar. I kveld hadde dei avslutning på vintersesongen, og det var planlagt tur til Talgøsetra etter den oppkøyrte traseen. Men slik gikk det ikkje, for løypa gikk ikkje forbi Talgøsetra.
Les heile saka
Skutergruppa i Todalen I.L. melder om oppkøyrte løype både via Kleivhaugan og Huslia til Talgøsetra og vidare opp til Tristeinan. På same måte er det påkøyrt spor opp Øyalia og vidare opp til Skihytta. Det rapporteres fønvind og varmegrader i fjellet, og det tærer nok på skiføret som er kram nysnø og «sygande» føre. Folk oppfordres til å være forsiktige og unngå rasfarlege områder.
06 04 2020 Statusrapport frå kriseleiinga. Det er påvist eit nytt smittetilfelle i Surnadal kommune. Personen er isolert. Smittesporingsteamet har god oversikt og berørte personar er sett i karantene. Dei som har mistanke om at dei kan vere smitta kan be om testing ved å kontakte den lokale korona-telefonen på 913 79 001 mellom kl. 09.00-15.00. Frå onsdag kl. 11:30 skal henvendelsar om testing gå via legevakttelefon 116117.
Les heile saka
«Mitt sløyd-/handarbeidsprosjekt» I samband med at skulebygninga ved Todalen Oppvekstsenter er 100 år i 2020 hadde FAU plana klar for ei jubileumsfest 6.juni. På grunn av Koronaviruset som no «herjar» vil dette ikkje la seg gjennomføre. Om det blir utsett eller avlyst er litt tidleg å seie, men det må vi kome attende til seinare. […]
Les heile saka
Her kjem tredje artikkel om setrene på forskjellige leigmål. Denne gongen Ørsalleigmålet med setre og hytter.
Les heile saka
Det er betydeleg rasfare i Trollheimen, og varsom.no oppfordrar folk til å være forsiktige. Dei melder om litt snøfall og deretter temperaturstigning. – Vær oppmerksam på våte laussnøskred i låglandet, fersk fokksnø i høgda og store ustabile skavlar, er budskapet derfra. Lokalt har skutergruppa i Todalen I.L. vore ute og jobba i dag, men mykje nysnø og tungt føre har laga mykje trøbbel for løypekøyringa.
Les heile saka