Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag 12. oktober. Godt oppmøte og triveleg samvær!
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag 12. oktober. Godt oppmøte og triveleg samvær!
Les heile sakaMed heile 172 fleire stemmer enn nr. 2 i kåringa av månadens bilete i september, var det Nordlys over Romådalen som himmeldansa seg inn på førsteplass. Vi gratulerer fotograf Frode Grønmyr med siger!
Les heile sakaFor eit par veker sia var det ein flott songkveld i Todalen kyrkje, der P17-koret stod som arrangør, og fylte kyrkje med songglade sambygdingar og andre som lika å synge. No er turen komen til Åsskard kyrkje, der det skal være songkveld onsdag kl 19.30.
Les heile sakaHos Svorka skjer det mykje spennenda om dagen. Svorka er i sterk vekst og opplever auka etterspørsel etter tenestene sine, og da spesielt innanfor framtidsretta og berekraftige løysningar som solenergi, ladeanlegg og energirådgjeving, fortel Nils Heggem, dagleg leiar i Svorka Installasjon. For å møte denne etterspørselen lyser dei no ut fire stillingar som elektrikar.
Les heile sakaLaurdag feira Matkroken Todalen den lokale handledagen med bra oppslutning både frå bygdefolket og andre som stakk innom på ein handlerunde for å støtte nærbutikken. Matkroken hadde invitert til gratis traktering med både marsipankake og graut og bakels til kaffen i Kaffekroken denne dagen. Mange tok seg tid til ein kaffepause og praten gjekk livleg i kaffekroken utover dagen.
Les heile sakaDet har lenge vore tradisjon at Merkurbutikkane, slik som Matkroken Todalen, markerer ein lokal handledag i oktober. I dag er det nærast «ope hus» og markering av dagen på Matkroken i Todalen. Damene på Matkroken vil i dag sette ekstra pris på at du kjem innom og blir med på feiringa, og held kaffetraktaren varm heile dagen og serverer gratis marsipankake og bakels med graut til kaffen i tidsrommet mellom kl. 10 og kl 15.
Les heile sakaFredag var det førehandssal av lodd til sanitetsbasaren i Sanitetshuset Fredag var det førehandssal av lodd til sanitetsbasaren i Sanitetshuset komande onsdag – 16. oktober. Da vi var innom Matkroken Todalen var det Ragnhild A. Moe som var på post, og Todalen Sanitetsforening hadde folk der i tidsrommet 10:00 – 16:00, fortalte Ragnhild.
Les heile sakaSjølv om det enno er sommartid eit par veker til, så må vi nok bare innsjå at vinteren nærmar seg med stormskritt. Torsdag var det nysnø ned mot 3-400 meter og det var nyttig å kle seg litt ekstra da gradstokken nærma seg nullen. Yr.no melder at det framleis skal være «litt hustre», men etter kvart skal det bli litt mildare igjen.
Les heile sakaBufdir har no opna for søknader om tilskot til inkludering av barn og unge for 2025.
Ein finn meir informasjon om tilskotsordninga og søknadsprosessen på bufdir.no/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/
Vi les i Driva at Midtnorsk Olje er komne på nye hender, og er fusjonert med NK Energi AS no i haust. Midtnorsk Olje er leverandør av drivstoff til Hals Oil, og vi finn det difor naturleg å ta ein prat med Rune Mogstad som har vore dagleg leiar og gründer i Midtnorsk Olje.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 12. oktober i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!
Les heile sakaLaurdag 19. oktober, mellom klokka 12:00 – 16:00, inviterer Nordmøre Forsvarsforening til open dag ved Krigsminnesamlinga på Åsen. Krigsminnesamlinga inneheld våpen, militært utstyr og uniformer frå andre verdenskrig (1940 – 45), med lokal tilhøyrigheit til krigshistoria for Surnadal kommune.
Les heile saka