Tysdag ettermiddag samla ein turkomite med Elinor Bolme i spissen eit tredvetals tilsette frå Amfi Drift og Amfi Kreativ i Olav Thon Gruppen til fellestur til Toåa Tursti.
Les heile saka
Tysdag ettermiddag samla ein turkomite med Elinor Bolme i spissen eit tredvetals tilsette frå Amfi Drift og Amfi Kreativ i Olav Thon Gruppen til fellestur til Toåa Tursti.
Les heile sakaFredag 26. juni kl 18 inviterer Stangvik sokneråd til songstund i Stangvik kyrkje.
Espen Selbæk syng og spelar. Diakonane Mari Kristine Brækken og Runa Svare frå Nidaros domkyrkje deltek med song.
Tysdag 23. juni var fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag på tur til Skjennå. 16 spreke pensjonistar møtte opp på museumstunet på Åsen kl. 10.00. Derifrå gjekk turen etter fin og lett skogsveg, som etter kvart gjekk over i merka tursti opp til toppen på Skjennå, 580 m.o.h. Her hadde vi flott fin utsikt i 360 grader. Dei fleste kunne faktisk og sjå heim.
Les heile sakaOnsdag blir det fotball for alle som har lyst til å spele litt ball på Bordholmen kl. 17:30 – 18:30. Det vil vere vaksne tilstades for å organisere og tilretteleggje. Vi oppmodar likevel foreldra til å bli med slik at dei kan gje ei hjelpande hand om det blir naudsynt.
Les heile sakaDet vart skikkeleg varme da Talgø fyrte opp kapprestar av kebony på Ansessaga, og det brann såpass heftig av det nok var best å betrakte bålet på litt meir enn standard korona avstand på ein eller to meter.
Les heile sakaTysdag er balldag, ingen tvil om det. På Todalshytta gikk potetballen raskt unna når Åse G. Øyen og Stian Evensen fikk svin på ballgrytene på kjøkkenet. Åse stilte med mange års kompetanse for store ballfoler, og Stian stilte med friskt mot og stor interesse for å lære seg «ballkokarfaget».
Les heile sakaDå er vi komne til Svinviksetra i den populære seterserien fra Todalen historielag. Under finn du galleri med tekst på bileta fra Svinvikleigmålet.
Les heile sakaMåndagskvelden 22. juni ved Dagsrevyslutt var det registrert 1000 Stikk UT!-turar i Svinvikrunden! Registreringa starta 1. mai, så da er det 1000 registrerte turar i løpet av 53 dagar!
Les heile sakaTodalsdagen har lang tradisjon i Todalen Idrettslag. Det har liksom vore hovudinntekskjelda til idrettslaget og eit høgdepunkt med både fotball, loppemarknad og anna program i overgangen frå vår til sommar. På grunn av situasjonen som har oppstått i samband med handtering og regelverk for koronaviruset såg det ut for at arrangementet måtte avlysast. Etter som situasjonen har utvikla seg er det no gjeve ein opning for eit begrensa arrangement på Bordholmen komande laurdag, seier Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen I.L.
Les heile sakaTalgø Møretre har i år laga St. Hans-bål ved Ansnessaga, og har fått godkjenning for å brenne bål av brannmeistaren i kommunen. Bålet vil bli tent tysdag 23.juni kl. 18:00. Den som vil sjå bålet kan ta turen til Ansnessaga.
Les heile sakaEtter mange solrike og varme dagar skya det over søndag, og natt til måndag regna det godt; godt for alt som veks i jorda. Men måndag da kløverturgjengen starta frå Halsbua, var det opphaldsver, god temperatur og mestå sol. Altså ideelt turver.
Les heile saka