Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje berre jakt og skyting, men også friluftsliv og sanking

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. oktober 2024

«Surnadal jeger og fiskerforening» står det på eit skilt på veggen på gamle Tellesbø bedehus når du køyrer oppover på nordsida.  Men det er slett ikkje noko bedehus, men derimot er det no klubbhus for det som vi til dagleg kallar «jeger & fisk». Og dette er klubbhuset for over 300 medlemar som slett ikkje berre driv med jakt og skyting – visste du forresten at Surnadal jeger og fiskerforening har over 60 damer som medlemar og at styret har 80% kvinnedel?

Les heile saka

Bokprat med Anders Totland på Surnadal bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. oktober 2024

Tysdag 22. oktober klokka 19:30 kjem den populære forfattaren Anders Totland til Surnadal bibliotek for å ha bokprat med fokus på sin nyaste roman «Til døden skil oss». Totland har gjeve ut 17 bøker på 9 år, og er etter det  Aftenposten meiner, kanskje sin generasjons mest allsidige forfattar. No har han kome med bok nummer to om Jacob Juul.

Les heile saka

No blir det tett tak på kyrkjetårnet

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. oktober 2024

Arnt Erik Otnes har ein luftig og kald arbeidsplass dei komande vekene – han held til på toppen av stillasjen som er montert rundt tårnet på kyrkja.  Han fortel at det har vore lekkasje på deler taket i Tårnet, og no er det altså reparasjon på gang.  Arnt Erik har heldt på eit par dagar med å fjerne takplatene, og har avdekt ein omfattande råteskade.

Les heile saka

Laurdag: Trivselskveld på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. oktober 2024

Laurdag kveld tenner vi opp på peisen og lager ein triveleg kosekveld på Todalshytta, seier vertskapet Cristy og Arve Evensen på Todalshytta.  Etter ein travel sommarsesong gler dei seg no til å invitere gjestar til ein kosekveld med god mat og drikke.

Les heile saka


Inviterer til medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. oktober 2024

Onsdag 23. oktober klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei.

Les heile saka

Talgø sponsa garasje i turstien

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. oktober 2024

På fredag kunne driftsleiar for Toåa tursti, Ivar Bolme på vegne av Todalen Idrettslag overta den nye garasjen Talgø Bygg har bygd og sponsa turstien med. Den nye garasjen skal huse kantslåmaskina og slodden som blir brukt for å halde turstien velstelt gjennom sommarsesongen. 

Les heile saka

Basar i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. oktober 2024

Todalen sanitetsforening arrangerer basar onsdag 16. oktober i Sanitetshuset. Basaren startar kl. 18:00.

Les heile saka

«Elsikkerhetsdagen» i dag tysdag – Ta elsjekken for ein tryggare heim

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 13. oktober 2024

Kvart år den 15. oktober, markerer Svorka den nasjonale «Elsikkerhetsdagen». Elsikkerheit handler om trygg bruk av elektriske anlegg og utstyr i heimen. Elektriske feil og manglar er ei av dei vanlegast årsakene til brannar i Norge, og konsekvensane kan vere tragiske, med tap av både materielle verdier, og i verste fall liv. Det er viktig å hugse at ein som huseigar har ansvaret for å sikre at det elektriske anlegget er i god stand.

Les heile saka

ARMODgeddon – Svarrabærjets beste revy?

Jon Olav Ørsal Sundag 13. oktober 2024

Eg meiner at dette er det beste produktet vi har laga ever, seier Håkon Solem, som er sekretær og marknadsansvarleg for revyen ARMODgeddon.  Revyen skal ha premiere 31. oktober, og neste førestilling er laurdag 2. november.

Les heile saka


Kløvertur til Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. oktober 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka