Ræta Opp er eit mosjonsløp på 3 km som arrangerast av Todalen IL , og som har både start og målgang på Bordholmen. Ræta Opp er eigenleg eit spesielt løp som har eit sosialt tilsnitt, for startkontingenten går kvart år i si heilheit til eit samfunnsnyttig formål – som kjem barn og ungdom til gode. I 2020 er det Sykehusklovnene som er den heldig mottakar, fortel Ingvild Kårvatn som er løpsleiar.
Les heile saka
Under Todalsdagen komane laurdag, arrangerer Todalen I.L. loppemarknad. No kan du sjekke ut både kjellar og loft for å finne aktuelle og salgbare lopper som du ikkje lenger har bruk for.
Les heile saka
Tysdag ettermiddag samla ein turkomite med Elinor Bolme i spissen eit tredvetals tilsette frå Amfi Drift og Amfi Kreativ i Olav Thon Gruppen til fellestur til Toåa Tursti.
Les heile saka
Fredag 26. juni kl 18 inviterer Stangvik sokneråd til songstund i Stangvik kyrkje.
Espen Selbæk syng og spelar. Diakonane Mari Kristine Brækken og Runa Svare frå Nidaros domkyrkje deltek med song.
Les heile saka
Tysdag 23. juni var fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag på tur til Skjennå. 16 spreke pensjonistar møtte opp på museumstunet på Åsen kl. 10.00. Derifrå gjekk turen etter fin og lett skogsveg, som etter kvart gjekk over i merka tursti opp til toppen på Skjennå, 580 m.o.h. Her hadde vi flott fin utsikt i 360 grader. Dei fleste kunne faktisk og sjå heim.
Les heile saka
Onsdag blir det fotball for alle som har lyst til å spele litt ball på Bordholmen kl. 17:30 – 18:30. Det vil vere vaksne tilstades for å organisere og tilretteleggje. Vi oppmodar likevel foreldra til å bli med slik at dei kan gje ei hjelpande hand om det blir naudsynt.
Les heile saka
Torsdag 25 juni møtes vi på Kårvatn til siste vandring før sommeren. Vi starter til vanlig tid, kl 11:00 og går innover til Nauståfossen slik vi har gjort i alle år.
Etterpå kjører vi tilbake og ned til Talgøhytta/Kokkhuset, hvor vi spiser nista vår i trivelig og sosialt lag.
Vi ønsker hver og en vel møtt! Fin værmelding er det også!
Det vart skikkeleg varme da Talgø fyrte opp kapprestar av kebony på Ansessaga, og det brann såpass heftig av det nok var best å betrakte bålet på litt meir enn standard korona avstand på ein eller to meter.
Les heile saka
Tysdag er balldag, ingen tvil om det. På Todalshytta gikk potetballen raskt unna når Åse G. Øyen og Stian Evensen fikk svin på ballgrytene på kjøkkenet. Åse stilte med mange års kompetanse for store ballfoler, og Stian stilte med friskt mot og stor interesse for å lære seg «ballkokarfaget».
Les heile saka
Då er vi komne til Svinviksetra i den populære seterserien fra Todalen historielag. Under finn du galleri med tekst på bileta fra Svinvikleigmålet.
Les heile saka
Måndagskvelden 22. juni ved Dagsrevyslutt var det registrert 1000 Stikk UT!-turar i Svinvikrunden! Registreringa starta 1. mai, så da er det 1000 registrerte turar i løpet av 53 dagar!
Les heile saka
Todalsdagen har lang tradisjon i Todalen Idrettslag. Det har liksom vore hovudinntekskjelda til idrettslaget og eit høgdepunkt med både fotball, loppemarknad og anna program i overgangen frå vår til sommar. På grunn av situasjonen som har oppstått i samband med handtering og regelverk for koronaviruset såg det ut for at arrangementet måtte avlysast. Etter som situasjonen har utvikla seg er det no gjeve ein opning for eit begrensa arrangement på Bordholmen komande laurdag, seier Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen I.L.
Les heile saka