Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tømmerdrift på gang i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Måndag 21. oktober 2024

Det er Solli Skog frå Surnadal som har oppdrag for Kristen Bruset, der det skal hoggast eit par tusen kubikk med gran og furu. Litt lauvskog blir det også med i same prosjektet, som dei reknar med vil ta tre veker eller der omkring. Her skal det hoggast eit granfelt ved Vårsetra, og elles frå nederste del av Bjørålia og utover til Korslia mot Storhaugen

Les heile saka

Inviterer til «felles middag» onsdag 23. oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. oktober 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 23. oktober klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.

Les heile saka

Suksessfull innsamlingsaksjon

Jon Olav Ørsal Sundag 20. oktober 2024

I mangel på fysiske bøsseberarar låg det an til nok eit bedrøveleg innsamlingsresultat for Surnadal kommune si deltaking i TV-aksjonen. Dette kan vi gjera noko med, tekte Elinor Bolme , som er leiar i Todalen IL og har «kompetanse» på pengeinsamling.  Som tenkt så gjort, og Todalen IL arrangerte eit skikkeleg kaffelag ved gapahuken i Toåa tursti. 

Les heile saka


Litt av kvart på Surnadal kino veka som kjem

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. oktober 2024

Surnadal kino kan skilte med fleire nye filmar komande veka; og mellom dei «en mirakuløs prestasjon». Det vart laga mange gode tyske filmar sist på 1970-talet. Og filmane fekk eit stort internasjonalt publikum.

Les heile saka

Kløvertur frå Snøyå til Hjellnes

Dordi Jorunn Halle Sundag 20. oktober 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 21. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka


Open dag på Krigsminnemuseet på Åsen

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. oktober 2024

Vi må ikkje la krigsminna gå i gløymeboka, men tvert i mot passe på å ta vare på dei minna vi har – spesielt etter 2. verdskrig som tok slutt for snart 80 år sia.   Krigshandlingane i Gaza og i Libanon og ikkje minst i Ukraina viser oss kor skjør freden er, og kor snart gjort det er å fyre opp igjen.

Les heile saka


Svorka inngår samarbeid med Orklandbadet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. oktober 2024

Orklandbadet er med sine åtte ulike basseng, badstuer og sklier eit av Norges største og flottaste badeanlegg, og no har altså Svorka inngått avtale med dei, som gjev billigare badeglede for heile familien. No kan heile familien boltre seg og få ein dag med fine opplevingar og artige aktivitetar i vatnet.  

Les heile saka

«Er vi på vei mot stupet, eller finnes det håp?»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. oktober 2024

Det spørsmålet stiller Fredrik Græsvik i foredraget med same namn på Surnadal kulturhus onsdag 23. oktober klokka 19:00. Da held nemleg Fredrik Græsvik eit foredrag der fokuset er retta mot den internasjonale sikkerheitstilhøva i verda akkurat no, , med hovedfokus på Donald Trumps muligheiter for attval og kva det vil bety for USA og Verda.

Les heile saka

Tusen, tusen takk for stor støtte!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 16. oktober 2024

Basarsøg og god stemning i Sanitetshuset onsdagskvelden 16. oktober! I alt kom det inn ca. 40 000 kroner på årets basar! Todalen sanitetsforening helsar tusen, tusen takk til alle som har støtta basaren med loddkjøp og gevinstar. Både leiar, kasserar, styret og medlemmene er overvelda over den store givargleda.

Les heile saka