Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 11. november. Oppmøte ved Matkroken og start drifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 11. november. Oppmøte ved Matkroken og start drifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile sakaTorsdag 14. november klokka 19:00 får Surnadal kulturhus storfint besøk, når Linda Eide og Sjur Hjeltnes kjem til kulturhuset og Storstuå med den bejubla forestillinga «Fosse for dumskallar»!
Les heile sakaSøndag 10. november kl 15:00 inviterer Todalsen historielag til tradisjonelt bokslepp for å presentere årsskriftet for 2024, som er nr 23 i rekkja. Årsskriftet byr på 82 sider med variert historisk stoff – for det meste kortreist lokalhistorie både frå gamal tid og litt nyare stoff i fin blanding.
Les heile sakaDet er tøffe tider i byggebranjen – det blir faktisk bygd færre bustader enn det har vore gjort på fleire tiår. Dette påverkar heile bransjen og det har ført til mykje mediaomtale i kjølvatnet av mange prosjekt som har rett og slett har havarert. Utbygginga av Skorpa i Kristiansund eit prosjekt som har lidd ein slik skjebne. No er Talgø Tradbo kopla på for å sluttføre prosjektet med 5 bustader som fikk tverrstopp i samband med konkursen.
Les heile sakaDet er nok mange som har lurt på kva som foregår på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Det har vore prata om historisk utstilling med gamle Talgø-møblar, Trollheimsutstillinga og ikkje minst er det laga utstillingar frå verksted og verktøy som er arv etter Sigvart Husby, Olav Stengel og Henrik Halle. Mellom anna den første motorsaga i bygda – ei gammel JoBu-sag på rundt 30 kg. No er det bestemt at det blir kaffelag og omvisning 24. november i tidsrommet 14 – 17 og da inviteres bygdefolket og andre interesserte til å kome og sjå og høre.
Les heile sakaNei, vi trur ikkje det var presidentvalget i USA som samla fullt hus i Kaffekroken i dag. Derimot passa det faktisk veldig bra at den nye Merkur-konsulenten kom på besøk til Matkroken Todalen i dag, slik at det var skikkeleg dokumentert kor stor betydning kaffekroken har for det sosiale behov – og behovet for å treffast, rett og slett.
Les heile sakaTorsdag 14. november klokka 17:00 inviterer Surnadal kunstforening til ny utgåve av utstillinga «Haustlys» i galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Denne gongen er det kunstnaren Astrid Narvestad Wærdahl, som er busett i Bøfjorden, som viser fram sine spanande bilete i Finstuå på kulturhuset.
Les heile sakaDei to siste åra har TIL Trimgruppa hatt stor suksess med sal av julekalendrar med kortreiste gevinstar. Status pr i dag er at det er kome inn over 40 gevinstar, og fleire er på veg, seier Anita Talgø i Trimgruppa. Ho rettar ein stor takk til alle som har bidrege, både med gevinstar og kjøp av lodd. Loddsalet starta nemleg 1. november og ser ut til å nå nye høgder.
Les heile sakaFjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til sesongavslutning på Hammerstuene onsdag 13. november klokka 19:00. Der vil det bli servert Lulens gryterett, desert og kaffe!
Les heile sakaFør helga vart det kjent at Kirsten Vikan Opdahl frå 1. november blir ny kommuneoverlege i halv stilling i Surnadal kommune. Dette skjer gjennom eit samarbeid mellom Surnadal kommune og Rennebu kommune i Trøndelag, og inneber at Vikan Opdahl frå 1. november blir tilsett som kommuneoverlege i halv stilling i kvar av dei to samarbeidskommunane.
Les heile sakaMange opplever det store sjokket som det er å miste nokon dei er glad i – enten det er ein nær venn eller nokon i familien. Kyrkjekontoret har bearbeiding av sorg på dagsorden, og laga ei brosjyre med mange gode tips som kan gjera det litt lettare å vera til stades for menneske i sorg, fortel kateket Gro Venås ved kyrkjekontoret i Surnadal.
Les heile sakaEndeleg tid for litt «finsk fjernsynsteater» på Surnadal kino, når Seniorfilmklubben onsdag 6. november klokka 13:00 inviterer til den finske filmen «Høstgule blader»! Eller, dette er langtfrå berre nordisk tristesse – det ligg alltid innbaka eit håp, ein slags happy ending, i filmane til den finske meisterregissøren Aki Kaurismâki.
Les heile saka