Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal svømmehall – forsiktig gjenopning på kveldstid

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. februar 2021

På nettsidene til Surnadal kommune kan vi i dag lese at det blir ei forsiktig gjenopning av Surnadal svømmehall på tysdag- og torsdagskveldar, så da blir det mogleg å ta seg eit varmt bad i vinterkulda. Opningstida er 17:00 – 18:30 og 19:00 – 20:00 båe dagane. På grunn av smitteverntiltaka i samband med koronasituasjonen må ein bestille tid på førehand. 

Les heile saka

Surnadal kino – ein norgespremiere og ein oppfølgar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. februar 2021

Surnadal kino kan skilte med ein norgespremiere og ein oppfølgar. Premierefilmen er «The Marksman», som er ein film om ein ung meksikansk mann som er på flukt frå kartellmordarar. Filmen har norgespremiere 12.februar. Oppfølgarfilmen er filmen «Lassie kommer hjem». Her blir Collien Lassie og eigaren Fredrik på 12 år, foreina att, etter at dei ufrivillig har vore fråkvarandre ei stund. 

Les heile saka

Asle Beck attende på scena på Todalshytta i sommer

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. februar 2021

I sommar får vi gjenhør med musikaraen Asle Beck. Nærare bestemt så skjer det laurdag 5. juni når han entrar scena på Todalshytta igjen. Da er det temmeleg nøyaktig 5 år sia sist vi hadde besøk av Asle, som i 2016 hadde konsert her saman med kompisen Gunnar Westlie.   – Ja, tida går fort, gitt, seier Asle når vi konfronterer han med at det er 5 år sia sist. 

Les heile saka

10.2.21: «Koronaråd» for vinterferien frå Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. februar 2021

Vinterferien nærmar seg med stormskritt, og i samband med ferieavviklinga ønskjer Surnadal kommune å gje gode råd for korleis både tilreisande og fastbuande skal takle vinterferien.  Bla vidare og les pressemeldinga frå Surnadal kommune som vi har lagt ut nedafor…

Les heile saka

Gaupa i ferd med å bli «tettgangan»

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. februar 2021

Det siste 10-åra har rovdyra stadig kome meir i fokus for beitenæringa. Spesielt har sauebøndene vore hard ramma, og er påført store tap.  Enkelte år er det faktisk enkelt som har opplevd katastofale tap på rundt 30 prosent og kanskje meir. Her i Todalen er det mange som rett og slett har lagt ned sauedrifta på grunn av store tap og at det ikkje har vore muleg å sette inn tiltak for å løyse problema som jerven nok har fått det meste av skylda for – men gaupa er nok medskuldig. 

Les heile saka

Konfirmantundervisning med filmopptak

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 10. februar 2021

Tysdag ettermiddag var det konfirmantundervisning med filmopptak i Todalen kyrkje. Til vanleg har konfirmantane i Todalen og Stangvik sokn konfirmantundervisning kvar for seg, men denne gongen hadde dei felles undervisning. Bakgrunnen for dette var at det skulle gjerast filmopptak av ei «mini» gudsteneste der konfirmantane skulle delta. Gudstenesta kan du sjå frå klokka 11:00 søndag 21.februar. Vi vil her på Todalen.no legge ut link til gudstenesta klokka 10:45 søndag den 21.februar. 

Les heile saka

Bilete frå Todalen historielag

Mari B. Redalen Tysdag 9. februar 2021

Atter en gong har vi vore så heldige å få bilete og tekst frå scannerpatruljen i Todalen Historielag, denne gongen er det fleire bilete av bryllaup i bygda.

Les heile saka

Nordlysnatt månadens bilete for januar

Mari B. Redalen Tysdag 9. februar 2021

Simen Søyset Johansen vant månedens bilete med Nordlysnatt. Vi gratulerer som månadens bilete vinnar for januar. Det er godt fotolys om dagane, og vi sett stor pris på nye bidrag.

Les heile saka

Om du høyrer kyrkjeklokkene i ettermiddag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. februar 2021

Om du høyrer kyrkjeklokkene i ettermiddag, så har dette si naturlege forklaring. Det skal i ettermiddag vere konfirmantundervisning for konfirmantane i Todalen og Stangvik. Samstundes skal det gjennomførast ei lukka gudsteneste som blir filma i si heilheit.

Les heile saka

Mista du skihanskane dine i Dalalia?

Jon Olav Ørsal Måndag 8. februar 2021

I helga vart det funne eit par skihanskar i Dalalia ved Kårvatn.  Dei vart funne i traseen etter den merka turistlina, rundt 300 meter frå parkeringsplassen til hyttefeltet ved plassen. Er det du som er eigaren, kan du ta kontakt med finnaren på telefon 99117516!


Barnehageopptak – Søknadsfrist 15.februar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. februar 2021

Surnadal kommune informerer om at fristen for å søke om barnehageplass for barnehageåret 2021/22 er 15.februar. Dette gjeld berre born som ikkje har barnehageplass i ein kommunal barnehage i dag. Har bornet allereie barnehageplass treng du ikkje søkje. Det nye barnehageåret tek til 15.august. 

Les heile saka

Stor utfart til Dalalia og Tydalsnebba i finvêret.

Jon Olav Ørsal Sundag 7. februar 2021

Sjølv om temparaturen har vore stabil mellom 10 og 20 kuldegrader den siste tida har det vore stor trafikk til fjells.  Det store turmålet er no Tydalsnebba, men det er også mange som nøyer seg med ein tur oppi Dalalia – men felles for alle er at dei er på søken etter pudderføre .  Dalalia har den siste tida oppvarta med fint pudderføre, medan det på toppane er litt prega av at det har vore litt vind og i minste laget med snø.

Les heile saka