Indre Nordmøre senioruniversitet inviterte onsdag 13. november til møte i Surnadal kulturhus. Temaet var «Lars Talgø og brurekronene hans». Bjørn Austigard heldt eit engasjert og interessant foredrag om Lars frå Taløyan i Todalen som laga så fine og forseggjorde brurekroner.
Les heile saka
Todalshytta minner om sin lutefiskaften i kveld (14.11.), og kjøkkenet er ope frå kl 17:00 og utover til klokka 21. Har du lyst på ein smak av jul, så er det berre å melde seg på med bordbestilling til Arve på telefon 92997550.
Les heile saka
Todalen idrettlag har hatt avtale om leige av Bordholmen sia 1946 – sist avtalen var reforhandla var i 1977. No var det på tide å fornye avtalen, og på bakgrunn av reduserte idrettsaktivitetar ønsker grunneigarane en avtalen med både kortare varigheit, og ein avtale med berre 2-årig oppseiingstid i staden for 3 år, slik det står i avtalen frå 1977.
Les heile saka
Bilete Jæger i haustsol fotografert av Sondre Halset er velfortent kåra til oktober sitt beste bilete. Vi gratulerer!
Les heile saka
Det har i dag vore problem med Telenor sitt nett, noko som gjer at delar av kriseleiinga i Surnadal kommune har hatt møte om situasjonen og har iverksett tiltak for å trygge liv og helse inntil naudnummertenesta er heilt friskmeldt.
Les heile saka
Berre ein liten kurositet kanskje, men i går – eller var det i forgårs, kunne vi konstatere at Hønhalsen hadde gått av for andre gong i år. Det har sikkert skjedd før, men vi har aldri lagt merke til det tidlegare.
Les heile saka
Fredag 15. november frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Og på fredag får ein igjen sjansen til å kjøpe den nye kanelsnurren med heimelage vaniljekrem, som så langt har vorte ein «stor hit».
Les heile saka
Den historiske avdelinga på Gammelfabrikken er snart på plass – Gunnar Nordvik og Magne Søyset jobbar med å få dei siste detaljane på plass til søndag 24. november, når det skal være open dag for omvisning og kaffelag. I dag kom den store kronhjorten på plass, og det var jammen berre akkurat.
Les heile saka
Onsdag 20. november klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til årets siste medlemsmøte på Friviligsentralen. Tor Holten kjem og held kåseriet «Tankar omrkring sørsamane i Trollheimen og om Finn-Torkjell».
Les heile saka
Talgø MøreTre er produsent av merkevareproduktet MøreRoyal og utgjør kjernevirksomheten i Talgø-konsernet. For å bli enda bedre på HMS, kvalitet og bærekraft enn det vi allerede er i dag, ikke minst med tanke på fremtidig ISO-sertifisering, søker vi nå etter den rette personen til den nyopprettede stillingen som HMSK-leder i Talgø MøreTre AS.
HMSK-leder vil være en del av bedriftens ledergruppe.
Les heile saka
Etter eit styremøte søndag kveld har styret i Todalen IL vedtatt å utsette det planlagte ekstraordinære årsmøte onsdag 13. november, inntil vidare. Dette på bakgrunn av at det er innkomme nye moment i saka som styret treng meir tid til å vurdere og kvalitetssikre.
Les heile saka
Vi er heldig som har slike ressurser at vi kan hente fram historia vår og presentere den som eit nytt årsskrift kvart år – det er over 80 sider med prima lokalhistorie som vart presentert for medlemane på Todalen historielags bokslepp i ettermiddag. Dordi Jorunn Halle har vore redaktør og presenterte det nye årsskriftet for publikum. Hun fortalte både om produksjonen og om innhaldet i det nye årsskriftet som altså er kome i sal frå i dag.
Les heile saka