Stormen «Amy» herja i Todalen første helga i oktober. Men måndag 6. oktober var det stilt og godt turver.
Les heile saka
Stormen «Amy» herja i Todalen første helga i oktober. Men måndag 6. oktober var det stilt og godt turver.
Les heile sakaI ei pressemelding frå Svorka no på tidleg ettermiddag, får vi ei oppsummering av uvêret Amy sett frå Svorka sin ståstad. Det har utan tvil vore ei travel helg både for Svorka og S-Nett, men alle har stått på for at vi skal få att straumen. Det er berre å rette ein stor takk til både Svorka og S-Nett for jobben dei har gjort med straumnettet i helga! No ventar eit stort og omfattande arbeid med å reparere straumnettet etter Amy sine herjingar. Pressemeldinga les ein nedanfor:
Les heile sakaI samband med «Friluftlivets år», inviterer «Treffastgjengen» på Surnadal frivilligsentral fredag 10. oktober klokka 12:00 – 14:00 alle til felles fottur til «Treffasthytta» i Skeisnebba.
Les heile sakaUtruleg sterk start på filmhausten på Surnadal kino, og no er filmklubben også i gang igjen. For å ta den eldste filmen først, nemleg den filmklubben viser onsdag 8. oktober klokka 12:00.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med tur!
Les heile sakaS-nett melder om normal straumleveranse for store deler av bygda – Kvennset fekk att straumen mellom kl 15 og 16 i dag, og strakninga Kvennset – Kårvatn vart kobla inn presis kl 16. Det som står att no er strekninga Kvennset – Todalsøra (Ansneset), der det enno står att ein reparasjon som må utførast før straumen blir kopla på. Dei får att straumleveransen i løpet av søndag kveld – estimert tid kl 20:00.
Les heile sakaVegen er open igjen, så vi er ikkje lenger isolert frå omverda. Når det gjelder straumløysa så er det ein omfattande skade på straumnettet i stranda utmed Veahuskaia. Mannskap frå S-Nett har jobba dag og natt for å få til ei midlertidig løysing for å få straumforsyning inn til Todalen – dette arbeidet er kome langt, og vil ha ei løysing i løpet av søndag føremiddag med straum til Kvennset.
Les heile sakaDei siste dagane har vi vore åtvara mot ekstremvêret «Amy» som skulle bli det verste ekstremvêret på 25 år. «Amy» kom som planlagt, og laga skikkeleg kaos med både stengt veg, straumutfall, og utfall av breibandleveranse og telefon. Når det er slik føler du deg ribba til skinnet, og det er ikkje enkelt å vite kvar ein skal starte for å kome seg innpå igjen.
Les heile sakaUværet har ført til at det er massivt straumbrot i Todalen. Vi har foreløpig ingen informasjon om kva som er årsak og kor lang tid det vil ta før straumen er tilbake.
No er ekstremvêret Amy på veg inn over Sør-Norge. Verst blir nok vær og vind på Skagerakkysten, men det vil nok bli sterk vind på våre kantar og. Lokalt ligg vi her så vidt innafor orange sone for ekstremvarsel, medan heile Nordmøre ligg innafor gul sone. Det er nok best å førebu seg på at det kan bli sterk vind – spesielt sterke vindkast.
Les heile sakaInnspellinga av «71 grader Nord – Norges tøffeste kjendis» som gjekk føre seg i månadsskiftet april/mai var innom Stangvika og Todalen – med overnatting på Todalshytta og i gapahuken på Tjønnmyran. – Torsdag 2. oktober blir episode 10 vist, og her får vi nok sjå lokale opptak som vart gjort den gongen?
Les heile sakaDersom du har observert ein rød veidekkebil med ei lang arm frampå, så er det Steinar Furali frå Elverum som er på tur rundt bygda for å reparere dei største hola i asfalten. Han sprøyter hola full med ei slags asfaltblanding, og så legg han på eit «lokk» med strøsand på toppen.
Les heile saka