Torsdag 8. mai vart Frigjerings- og veterandagen markert i Surnadal kommune og resten av landet. I år er det 80 år sidan dei tyske militære styrkane kapitulerte fullstendig, og andre verdskrig var slutt i Europa. Vêret var grått, men det var opphaldsvêr under sjølve markeringa.
Les heile saka
Tyrsdag 13. mai møtes vi på parkeringsplassen nedafor Øye kyrkje kl 09.45 (OBS – OBS!) for å ha god tid til Halsaferga over til Kanestraum. Der køyrer vi til venstre mot Vatn og inn på ein bomveg til parkeringsplassen. Derifrå veg og sti opp på Fløystadfjellet. Topp tur med fin utsikt. Vel møtt, skriv Fjellgruppa i ei pressemelding. Terminlista for Fjellgruppa ligg i aktivitetskalenderen på tysdagar og er ajourført fram til ferien.
Frivilligsentralen midt på Skei var «stedet» for oss godt vaksne, onsdag 7. mai. Heile seksti personar møtte opp for å få med seg orientering om trafikksikkerheit, allsong, servering, utlodding, orientering frå styret og ein god prat.
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag inviterte til folkehelsemarsj langs Surna onsdag 7. mai, godt oppmøte og godt ver.
Les heile saka
Laurdag 10. mai klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Det er prost Vidar W. Rygh som er liturg under konfirmasjonsgudstenesta, medan Amund Valde er organist.
Les heile saka
Rhododendronblomstringa i Svinviks arboret har stått i rå dei siste par vekene, seier musemsgartner Patrick Nilsen. – For eit par veker sia lag vi an til tidleg blomstring, men det har vore surt og kaldt, så da stoppa det opp. No ser det ut til å bli meir varme, og vi vil nok merke at blomstringa skyt fart dei neste dagane.
Les heile saka
Onsdag kveld var det vårdugnad på skuleområdet ved Todalen oppvekstsenter. Her har nemleg Todalen Elveeigarlag og Todalen bøgdalag inngått leigeavtale med Surnadal kommune for å ha campingplass.
Les heile saka
Etter regnvêr i vekesvis er det endeleg ein opning for at det kan bli duggfritt igjen. Onsdag ettermiddag dura det i plenklipparar rundt heile bygda – forl har no gått og venta på finvêr og duggfri plen, og graser har etter kvart vorte langt på fleire plassar.
Les heile saka
Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal inviterte til sesongopning med tur til nabokommunen Rindal og anlegget rundt Igltjønna. Tjueto spreke medlemmer møtte opp og vart med på seesongens første tur.
Les heile saka
Todalen sanitetsforeninga startar no salg av lodd på tre fine akvarellar av Hilde Karlsen. Dette er årets kunstlotteri, og trekking av bileta blir på årsmøtet i 2026.
Les heile saka
Torsdag 8. mai er det 80 år sidan alle tyske millitære styrkar kapitulerte og la ned våpena, og den andre verdenskrig var slutt i Europa. Dei tre historielaga i kommunen, Nordmøre Forsvarsforening og Surnadal kommunen har gjennom eit samarbeid laga eit fint program for årets markeringar av Frigjerings- og veterandagen ved kyrkjene i Åsskard, Stangvik og Todalen. I Todalen er markeringa klokka 20:00 ved bautaen utanfor kyrkja, og arrangørane oppfordrar folk til å møte opp for å vere med på markeringa.
Les heile saka
Programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen er klart. Programmet tek til med det tradisjonelle biltoget rundt bygda, og blir avslutta med nasjonaldagsgudsteneste i Todalen kyrkje. I staden for tale for dagen, blir det i år historisk bildekavalkade frå Todalen historielag sitt historiske arkiv ved Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe. Tema vil sjølvsagt vere nasjonaldagsfeiringa i Todalen opp gjennom åra og nyare tid.
Les heile saka