Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Manuell dirigering gjennom Svinviktunnelen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. mars 2022

Det er akkurat no manuell dirigering med ledebil gjennom Svinviktunnelen. Vi har som vanleg ikkje fått informasjon om kva som er grunnen til dette, men det er lurt å legge inn litt ekstra tid, dersom ein skal nå ferge eller timeavtale. Vi har heller ikkje fått informasjon om kor lenge det vil vere manuell dirigering gjennom tunnelen.  

Les heile saka


Tømmekalenderen for andre kvartal er lagt inn

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. mars 2022

Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for andre kvartal, inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Andre kvartal strekker seg frå 1. april – 30. juni. Tømmekalenderen for  tredje kvartal, vil bli lagt inn siste halvdel av juni månad. 

Les heile saka

Felles middag onsdag 30. mars

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. mars 2022

Onsdag 30. mars inviterer kyrkja i Surnadal igjen alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00. 

Les heile saka

Tysdag er balldag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Måndag 21. mars 2022

Tysdag er framleis balldag på Todalshytta – med valfritt om du vil ha potetball eller sildball.  Vi tek gjerne mot bestilling seier Kjell Arve Vikavoll, som tek i mot bestilling på sin telefon 975 16 103.
Servering i tidsrommet 15:00 til 18:00


Ope bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. mars 2022

Fredag 25. mars, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Hyllene vil bli fylt opp med både ferske kaffebrød og grovbakst så her er det «godsaker» både til måltid og kaffekos.  

Les heile saka

«Bøy og tøy» i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. mars 2022

Torsdag 24. mars klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til «Bøy og tøy». På grunn av at det framleis foregår ombygging i Meierisalen, blir torsdagens «Bøy og tøy», også denne gongen i Trudvang! Surnadal Pensjonistlag har med seg  fysioterapeut Lage som instruktør for «Bøy og tøy». 

Les heile saka

Minner om Næringslivsdagen på onsdag.

Jon Olav Ørsal Måndag 21. mars 2022

Næringslivsdagen som Sparebank1 Nordmøre skal arrangere nærmar seg med stormskritt, og onsdag 23. mars er det klart for startskot, fortel Liv Dalsegg som er primus motor og «innpiskar» for arrangementet.  Ho fortel at det er bra med påmelding, men framleis nokre ledige plassar.  Du kan melde deg på heilt fram til midnatt kvelden før  – […]

Les heile saka

Årsmøte i Surnadal demensforening og helselag

Jon Olav Ørsal Sundag 20. mars 2022

Surnadal demensforening og helselag hadde onsdag 16. mars årsmøte i kantina på Surnadal sjukeheim. Det er stor aktivitet i foreninga og laget jobber målbevisst for at Surnadal skal bli et demensvennlig samfunn.  På årsmøtet var det ellers vanlige årsmøtesaker.  Det nye styret ser slik ut etter årsmøtet: Leder Liv Botten Kasserer Sigri Livik Sekretær Borghild […]

Les heile saka

Tennisbanen på Bordholmen klar til bruk

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. mars 2022

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har i løpet av helga preparert og fiksa tennisbanen på Bordholmen stadion, slik at den no er klar til bruk. Ishockeyvanta er tekne ned og lagra i redskapshuset, og nettet har kome opp. Så da har sommaraktivitetane offisielt overteke for vinteraktivitetane. 

Les heile saka

Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 20. mars 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 21. mars. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?

Les heile saka

Laurdag er laugardag

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. mars 2022

Laurdag er nok badardag for gjengen i Hyllnesbukta. Det må være godt å kome seg uti og få litt vatn på kroppen innimellom. Vêrgudane sørga for for sol og vårluft, og vi kan faktisk lese av 16 varmegrader på gradstokken i Kvennsetøran bustadfelt

Les heile saka