Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opningstidene hos Matkroken Todalen før jul og i romjula

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. desember 2024

Jula nærmar seg med stormskritt, noko som inneber litt endra opningstider hos Matkroken Todalen, og da spesielt i romjula. Fram til julaften er det «vanlege» opningstider, medan det julaften naturleg nok er kortare opningstid enn på ein «vanleg» tysdag, så julaften er det ope klokka 09:00 – 13:00. 

Les heile saka

Arbeider for ei trygg og triveleg nyttårsfeiring

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. desember 2024

Det har vore ein lang tradisjon for ungdomane i Surnadal å treffast i rundkøyringa for å skyte opp rakettar – i fjor kom feiringa ut av kontroll, og det enda med alvorleg personskade og eit par førelegg i ei sak som enno ikkje er ferdig. Etter at nyttårsfeiringa vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere tiltak for å betre kulturen med bruk av fyrverkeri i samband med nyttårsfeiringa.

Les heile saka


Kommunale opningstider i romjula

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. desember 2024

Jula bankar på døra, og dette får konsekvensar for opningstida for dei kommunale tenestene. I romjula vil Surnadal legesenger, kulturhuset, biblioteket og kommunehuset ha kortare opningstider enn vanleg. Nedanfor finn ein opningstidene som gjeld for romjula 2024. 

Les heile saka




Advent på Nordvik

Tekst Bernt G. Bøe Foto: Randi V. Bøe Måndag 16. desember 2024

Nordvik er eit livskraftig grendesamfunn. I forsamlingshuset  her møtest ofte små og store. Det gjer dei også når det er gudsteneste i adventstida. Sist søndag var det mesta fullt på alle stolane. Mange unge hjelpte prest Pål Arne Winsnes med eit tilrettelagt liturgisk program. Dei tente lys, las Juleevangeliet og andre tekster og var endatil forsongarar.

Les heile saka

Siste bakeriutsal før jul

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. desember 2024

Fredag 20. desember frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til siste bakeriutsal før jul. Smultringkokinga får for fullt fram til fredag, så vil ein sikre seg nykoka smultringar eller noko anne godt til jul, så kan det vere lurt å førehandsbestille innan onsdag 18 klokka 18:00!

Les heile saka


Da er billettane til Alf Ramsøyfilmen 3. juledag lagt ut

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 15. desember 2024

Som vi tidlegare har skrive, så inviterer Skulstuå i Todalen til filmframsyning på Surnadal kino fredag 27. desember klokka 16:00. Da viser dei filmen som Svein Åge Saksen laga i samband med 80-årsdagen til idretts- og kulturmannen Alf Ramsøy i 2004. 

Les heile saka

Seniorfilmklubben med tidleg julegåve!

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 15. desember 2024

Onsdag 18. desember klokka 13:00 viser seniorfilmklubben filmen The grand Budapest Hotel. Regissør Wes Anderson er ein underleg skrue som har skapt sitt eige filmunivers, med gjennomført fargebruk,iscenesetting og snodige folk i enno meir snodige situasjonar. er kanskje den meste vellukka av filmane han har gjort og filmen vann fire oscars. Onsdag opnar altså dette snurrige hotellet sine dører og det er gratis inngang for alle som har vore på filmklubb i løpet av haust.

Les heile saka