Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på tradisjonell romjulsmarsj 3. juledag – start i tidsrommet 12 – 14

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. desember 2024

Todalen Idrettslags trimgruppe er tradisjonell arrangør av Romjulsmarsjen 3. juledag (fredag 27. desember), med start mellom 12:00 og 15:00.  Som vanleg er det gløggstasjon ved «chekpoint» Bruset, og der får du og ei lita belønning for deltaking – og sjølvsagt høve til å kjøpe lodd i romjulslotteriet som har trekning umiddelbart etter romjulsmarsjen.

Les heile saka

God jul frå oss i redaksjonen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. desember 2024

Da ringer kyrkjeklokkene jula inn og julefreda er i ferd med å senke seg over bygd og by. Vi i redaksjonen i Todalen.no, Jon Olav, Dordi Jurunn, Guro og Bjørn Gunnar ønsker våre lesarar ei riktig god og fredfull jul. 

Les heile saka

Julegudstenesta markerer starten på julefeiringa

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. desember 2024

For mange er det julegudstenesta i Todalen kyrkje som markerer starten på julefeiringa.  Dagens julegudsteneste samla eit knapt hundretal som deltok i ei triveleg og fredfull gudsteneste som ein start på ei fred full julehelg.  Det var prost Vidar Wilhelmsen Rygh som som heldt gudstenesta og han hadde med seg Bernt Bøe som organist og Borghild Betten Talgø som tekstlesar.

Les heile saka

Finale for T.I.L’s julekalender – Trekning for 24. desember

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. desember 2024

I dag er det siste trekning for TILs julekalender for 2024 – dermed er det finale for ein stor suksess som har gått over 24 dagar i regi av Todalen Idrettslas trimgruppe.  Tilsaman har det vore selt julekalendrar for over 40.000, som gjev eit solid overskot til trimgruppas drift i 2025.  T.I.L.’s julekalenderkomite rettar ein stor takk både til dei som har bidrege med nærare 100 kortreiste gevinstar og til dei som har kjøpt over 400 julekalendrar. 

Les heile saka



Julegudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 22. desember 2024

Julaftan – 24. desember – Blir det julegudsteneste i Todalen kurkje kl 16:00, med sokneprest Vidar Wilhelmsen Rygh.  Organist er Bernt G. Bøe, medan Rune Moe og Borghild B. Talgø er kyrkjevertar.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet i Todalen. Salmane som skal syngast er kjente og kjære og har nummer 44, 51, 63, 27 og 48.

Todalen sokneråd ønskjer alle velkomne til julegudsteneste!


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 22. desember 2024

Styret i Surnadal Pensjonistlag kallar inn til årsmøte 29. januar klokka 15:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei.

Les heile saka

Vart Iver Holens dag i Crevacol i dag…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. desember 2024

Iver Holen sikra seg 4.-plassen under dagens konkurranse i vertikal i den italienske fjellandsbyen Crevacol.  Isak Drøpping måtte melde forfall i dag, men hadde ein stor dag i går, da han sikra seg 2.-plassen i sin klasse i sprinten.   Dei to var tekne ut for å delta i helgas WorldCup i alpelandsbyen Crevacol i Italia. 

Les heile saka


Talgø MøreTre får millionbeløp til forsking

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 21. desember 2024

Forskningsrådet deler i desse dagar ut millionar av kroner til innovasjonsprosjekt i næringslivet. Innanfor segmentet Skogbruk og bruk av tre deler dei totalt ut 27 millionar kroner, og den største summen i denne runden går til Talgø MøreTre, som får heile 10 millionar kroner til utvikling av miljøvennleg impregneringsmiddel.

Les heile saka

Pallplass på Isak i dagens sprint i Crevacol – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. desember 2024

Isak Drøpping som representerer Trollheimen Fjellsportklubb og Juniorlandslaget i Randonee sikra i dag sølvmedalje 18-årsklassen under ISFM Youth World Cup.  Crevacol ligg i de italienske alper på grensa mot Sveits og Frankrike. Isak gjorde eit kjempeløp og sikra seg andreplassen i dagens kvalifisering, og vidare andreplassen i semifinalen og til slutt andreplass i finalen – berre slegen av kineseren Langjia Gongsong. 

Les heile saka