Det har etter kvart vorte ein tradisjon med nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Kjell Gunnar Polden har sendt oss ein liten omtale av gudstenesta i ettermiddag. Omtalen les du nedanfor.
Les heile saka
Det har etter kvart vorte ein tradisjon med nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Kjell Gunnar Polden har sendt oss ein liten omtale av gudstenesta i ettermiddag. Omtalen les du nedanfor.
Les heile sakaDa kan leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme og driftsleiar i Toåa tursti, Ivar Bolme melde at turstien er nybrøytt og klar for fottur! – Her er det fine forhold for ein fottur, og det er heller ikkje noko problem å ta med seg barnevogn på turen, seier Elinor.
Les heile sakaDet blir nok ein travel dag for brøytemannskapa i Todalen Mjølk i dag. Da vi var ute for å treffe dem var snøvêret i gang, og meldingane på yr.no fortel om gult faresignal og kraftig snøfokk utover formiddagen og fram til tidleg morgon på nyttårsaften. Todalen Mjølk har 4 traktorar ute på morgonkvisten i dag, og dei rekna med at det vart fullt kjør heile det neste døgnet.
Les heile sakaYr.no melder om «mykje vêr» rundt komande nyttårshelg. Vi har allereie i dag fått ein forsmak med mykje vind, regn og sludd . Og meir skal det bli – det vil fortsette med meir regn, som etter kvart går over i sludd og snø frå måndag 30. desember. Det er sågar gult farevarsel for snø.
Les heile sakaNyttårsaftan – tysdag 31. desember – blir det nyttårsmesse i Todalen kyrkje kl 16:00. Liturg er prost Vidar Wilhelmsen Rygh, og organist Amund Valde. Takkoffer går denne dagen til misjonsprosjektet i Etiopia. Salmane som blir bruka under gudstenesta på nyttårsaftan er : 1, 456.2, 835, 322 og 86
Velkomen til årets siste gudsteneste!
Todalen IL fekk skikkeleg respons på den tradisjonelle Romjulsmarsjen som var arrangert 3. juledag. Rundt 170 deltakarar mønstra på arrangementet og tok turen rundt bygda i dag. Trimgruppa lokka med serveing av gløgg og saft på meldestasjonen på Bruset og jammen vart det trøkk der ja, med rundt 170 og reknar vi med 9 hundar og ein hest som også var med så tangerer vi rekorden som vart sett for nokre år sia.
Les heile sakaFramleis ledige billettar for framsyning av 80-årsdagen til Alf Ramsøy, på Surnadal kulturhus 3. juledag, 27.desember, kl.16.00. Det er Skulstua i Todalen som inviterer til filmframsyning i Kammerset
Les heile sakaTrimgruppa har i travle føremiddagstimer førebudd romjulsmarsjen med servering av gløgg og saft på meldestasjonen på Bruset. Vi tok runden rundt bygda for å sjekke føret, og kan melde at det stort sett er bart og godt føre rundt heile bygda. Nokre få flekkar med litt is, med det kan god brukast vanleg joggesko eller fjellsko på turen rundt bygda. Har du piggsko og stavar så er du iallfall heilt trygg.
Les heile sakaTysdag 31. desember (nyttårsaftan) klokka 18:00 inviterer Todalen Idrettslag, i samarbeid med Todalen bøgdalag til familiefyrverkeri på Bordholmen stadion.
Les heile sakaRett før jul kom den 54 årgangen av den populære Søyaposten, som Idrettslaget Søya er utgjevar av. Dette er kjærkommen julelektyre til glede for mange og noko som det blir sett pris på.
Les heile sakaI natt og i føremiddag har det regna godt – etter meldingane tyder det på at det regnar heilt til topps, men det eer langt i frå meldt flaumfare enno. Kl 12 i dag var det knappe 20 m3/sek ved målaren oppå Storfossen. Vassføringa har da dobla seg frå kl 09 i dag tidleg, da det passerte knappe 10 m3/sek.
Les heile sakaDa har vi feira julekveld og har så vidt teke til på romjula, noko som inneber litt endra opningstider hos Matkroken Todalen fram til nyttår. I dag, onsdag 25. desember er butikken heilt stengt, medan det torsdag er kioskope klokka 16:00 – 18:00.
Les heile saka