Denne helga er det lokale kjendiser som er på utror til dei italienske alper for å delta i WC i randonee. Erik Kårvatn som representerer Trollheimen fjellsportklubb er ein av tre i den norske landslagstroppa som er utteken til å representere Noreg i WC i Andorra. I dag er individuell som står på programmet – det vil seie at det er fellesstart og så gjelder det å være førstemann opp og nedatt igjen til målgang. I dagens konkurranse var det 66 påmeldte til start i klasse menn senior.
Les heile saka
Det er vel inga hemmelegheit at fjorårets sesong vart tidenes dårlegaste sesong for villaksen – på landsbasis vart det teke 45.000 laks, medan det i Toåa vart teke 53 laks og aure – ein fangst på 158 kg. Det er den dårlegaste fangsten som er registrert. Det beste av dei fem siste åra er 2020, da det vart registrert 213 laks og aure på til saman 653 kg.
Les heile saka
Vil du være med å produsere et av markedets råeste fasade- og terrasseprodukter sammen med oss? Talgø MøreTre er produsenten av kvalitetsproduktet MøreRoyal, som utgjør kjernevirksomheten i Talgø-konsernet. På grunn av økende oppdragsmengder, søker vi nå etter de rette personene til produksjonen i Talgø MøreTre AS.
Les heile saka
Onsdag kveld inviterte Indre Nordmøre Opplæringskontor alle lærekandidatar og lærlingar som tok fagbrev eller kompetansebevis i 2024 til ei markering av dette med treretters festmiddag på Thon Hotell i Surnadal. Invitert var også dei faglege leiarane, rettleiarane og dei andre støttespelarane som har delteke i opplæringa.
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag inviterte eldre i Surnadal til nyttårsfest med underhaldning, musikk og dans; – det vart ein triveleg og sosial kveld.
Les heile saka
Surnadal kommune treng også sommaren som kjem ferievikarar for å oppretthalde drifta. Det er no lyst ut ferievikarstillingar innafor vaksenopplæring og integreringa, teknisk drift (veg, park og reinhald) og i helse og omsorgstenesta.
Les heile saka
Den digitale kvardagen har for lengst gjort sitt inntog i samfunnet vårt, noko som kan føre til utfordringar for enkeltpersonar og grupper. I dag må ein vere digital for å kunne få utført mange tenester i samfunnet, som mellom anna bank- og helsetenester.
Les heile saka
Styret i Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) kallar inn til årsmøte torsdag 27. februar klokka 18:30 i klubbhuset sitt på Tellesbø (Nordsida 198). Vanlege årsmøtesaker, og det blir servering.
Les heile saka
Frå norsk storverk til stor entertainer framstilt som ape på Surnadal kino denne veka. Filmen «Kjærlighet» går både på dagtid som filmklubbfilm klokka 12:00 og på kveldstid onsdag 22. januar. Filmen er den tredje i Dag Johan Haugeruds trilogi Sex Drømmer Kjærlighet «om seksualitet, lengsel og drømmer på ulike måter i dagens Oslo». Dei tre filmane er berre tematisk sett i slekt med kvarandre, og har kvar si uavhengige historie og rollegalleri. Ein treng difor ikkje å ha sett dei to andre for å sjå denne.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag var det offisielle opning av «Friluftslivets år». Arrangementet som foregikk ved gapahuken på Tjønnmyran var berre starten på ein aktivitet som skal vare heile året i gjennom. Det var Surnadal kommune som stod som arrangør, og det er plana at det skal bli fleire arrangement rundt omkring i kommunen i løpet av året.
Les heile saka
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna dårleg ver vert sambandet innstilt inntil vidare, skriv Fjord1 i ei melding kl 16:31 i dag.
Siste: Det blir normal drift på sambandet Kvanne – Rykkjem frå kl 18:30
Laurdag 18. januar skal heile landet «båle» eller brenne bål som det heiter her i distriktet. Bålbrenninga markerer starten på «Friluftslivets år» 2025.
Les heile saka