Det er på tide å røyste fram det beste bilete i november. Så ta deg pause fra takvask, dompapmating og sylterulling for å avgi stemme.
Les heile saka
Det er på tide å røyste fram det beste bilete i november. Så ta deg pause fra takvask, dompapmating og sylterulling for å avgi stemme.
Les heile sakaMøter med stor sprengkraft på kinoen denne veka, når Seniorfilmklubben onsdag 4. desember klokka 13:00 viser vilmen «Past lives». Filmen handlar om to unge som kjem bort frå kvarandre etter at den eine familien flyttar til Canada. Dei har ikkje gløymt kvarandre, men kanskje har tida vekke frå kvarandre ført til litt ulike forhåpningar ved eit framtidig møte.
Les heile sakaSøndag kveld inviterte Todalen bøgdalag for å tenne den tradisjonelle julegata mellom Matkroken Todalen og Talgø på Kvennset. Temperaturmessig var det lite som minte om adventstid, da gradestokken viste tosifra plussgrader og opphaldsvêr. Men folk møtte opp og julegata vart tent!
Les heile sakaDa er vi komne til andre trekning i TILs julekalender. Her blir det trekning kvar dag fram til julaftan 24. desember. Med over 90 gevinstar er vinnarsjansen stor, så det er berre å henge med på Todalen.no kvar morgon i tida framover. Den første av dagens 4 gevinstar er fuglemat, og den heldige vinnaren er Joar Solheim Moe som har adresse Bud.
Les heile sakaAdventstida starta med triveleg basar i Nordvik forsamlingshus, – med godt oppmøte og mange gevinstar.
Les heile sakaDet var mange som hadde funne vegen til Todalen kyrkje søndag ettermiddag, da P17-koret inviterte til til konserten «Stjerne over livet» – songar ved juletid som det står i førehandsomtalen. I dagens konsert var P17-koret forsterka med eit stykarar og blåsarar i tillegg til bruk av eigne solistar – Nora Bøe, sopran, Turid Røen Kroknes, alt og Øystein Moe, tenor. Dirigent var som vanleg Bernt G. Bøe, og han presenterte koret – 6 medlemar som kjem frå 5 forskjellige nasjonar – godt gjort så mykje uro som det er i Europa.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer kløvertur måndag 2. desember. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile sakaDa er det klart kven som blir dei første vinnarane i TILs Julekalender 2024. Første dag er det 4 gevinstar som skal skifte eigar, og Jorunn Nordvik er først ute som vinnar av ei julestjerne som er produsert i MøreRoyal og som har innlagt lys.
Les heile sakaSøndag er det 1. desember og premiere for T.I.L.’s julekalender. Første trekning er klar frå morgonen av, og det er knytt stor spenning til lotteriet med over 90 gevinstar. Som sagt er første trekning søndags morgon, og det blir trekt 3-4 gevinstar kvar dag fram til jualaftan 24. desember – og trekninga blir kunngjort på Todalen.no dag for dag.
Les heile sakaTysdag 3. desember klokka 19:00 inviterer Stangvik Grendalag til blidspent førjulskveld i Bryå i Bondehuset. Dit kjem heilt sikkert «Åge Hareide» og «Nils Arne Eggen», i Johan Øiestads sin versjon, er blant gjestane når Stangvik Grendalag inviterer til blidspent førjuskveld.
Les heile sakaInitiativtakarane Torill Talgø og Steinar Frøystad samla heile grenda til julegrantenning i Trudvangkrysset. Over 30 personar trossa holkeføret og tok turen og samlast for julegrantenning. Det er ein godt innarbeidd tradisjon og julegrantenning nr 11 – julegrana står der Markavegen deler seg og fortsetter til Gammelfabrikken, medan Dalavegen fortsett oppover til Kårvatn.
Les heile sakaSøndag 1. desember er «røykvarslardagen», ei viktig påminning for å få oss til å ta eiga brannsikkerheit på alvor. Spesielt no når vi går inn i ei tid på året der det tradisjonelt er fleire brannar enn elles i året. – Her i vårt nedslagsområde rykket brannvesenet ut til 5 boligbranner i fjor, seier Anders Betten, DLE-ansvarlig i Svorka.
Les heile saka