Torsdagens første gevinst er eit flott sokkpar i ull som går ovom Falla til Kjell Gunnar Polden som den heldige vinnaren. I dag er det også heile 4 gevinstar som deler seg med halvparten av vinnarane er innenbygds og andre halvparten utenbygds.
Les heile saka
No blir det mogleg å ta desentralisert utdanning som sjukepleiar i Orkland frå hausten 2025. Det blir no etablert desentralisert sjukepleiarutdanning i Orkland i samarbeid med Nord universitet. Studiet går over fire år, og tilbodet er i regi av Studiesenteret i Trøndelag Sørvest, lakseregionen (TSL).
Les heile saka
Surnadal Næringsforening kombinerte det behagelege med det nyttige da dei inviterte medlemane til julelunsj på Hammerstuene, kombinert med litt fagleg input. På den faglege fronten var det Karin Nordli som sørga for presentasjon av konjunkturbarometeret som Sparebank1 hadde utarbeidd for Trøndelag og Møre og Romsdal.
Les heile saka
«Rampenissanne» anno 2024 har tydeleg fokus på bærekraft. Med glimt i tildekte auger tykte dei den nye lysmasta ved nærmiljøanlegget passa perfekt som eit verdig oppheng av lysa tilhørande den gamle todalspålen som dei tilfeldig hadde «snubla» over.
Les heile saka
TILs julekalender er på lufta med trekning for 4. desember – 4 nye gevinstar skal få ein ny eigar. Den første gevinsten er eit sett med kjøkkenreiskap som har fått Marie Halset som vinnar.
Les heile saka
Ståle Ansnes i driftsstyret for Todalen Idrettslag si lysløypa på Tjønnmyra, kan melde at det no er nypreparerte løyper i lysløypa.
Les heile saka
I dag fekk vi overrekt Stangvik historielag sitt rykande ferske årsskriftet for 2024. Dette er det attande årsskriftet historielaget gjev ut, og det er på sekstiåtte sider. Årsskriftredaksjonen har denne gongen bestått av Lars Steinar Ansnes, Torbjørn Polden, Berit Anne Botten Røkkum og Marit Haugen.
Les heile saka
Vangsgutanes julehefte er forlengst komne på plass i bladhyllene på Matkroken, sjølv om Handelsmann Nordvik er «sjeldan vare» i dag. Årets julehefte byr på 30 sider med underhaldning – ein ny del som sjølvagt held på tradisjonane med handling frå Todalen – og ein «gammel» del med handling frå 1957 der Vangsgutane dreg på tur til Hommelvika.
Les heile saka
Ny dag med ny trekning i TILs julekalender. Denne dagen er det også 4 flotte gevinstar – først ute er eit sett med grytekluter i selbumonster, og her er det Arndis Søyset som er den heldige vinnaren. Men som sagt vart det tre vinnarar til denne dagen.
Les heile saka
Da er vi inne i adventstida, og det er tid for julestri. Kløverturgjengen lada batteria med rundtur frå Kvennset om Ørsalgrenda, Øyagrenda, Halagrenda, Husbygarden for til slutt å innta Kaffekroken i Matkroken måndag 2. desember.
Les heile saka
Fredag 6. desember frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det nærmar seg jul, og det blir koka smultringar hos Lia gard for fullt. Så vil ein sikre seg smultringar til jul, kan det vere lurt å førehandsbestille til fredag!
Les heile saka
Det er på tide å røyste fram det beste bilete i november. Så ta deg pause fra takvask, dompapmating og sylterulling for å avgi stemme.
Les heile saka