Laurdag 6. mai klokka 19:00 inviterer Kreativt Forum Surnadal (SKF) til «Vårspræll» i Storstuå på Surnadal kulturhus. Dette er femte framsyninga i serien «Vårspæll/Hæstlatter» som SKF arrangerer.
Les heile saka
Laurdag 6. mai klokka 19:00 inviterer Kreativt Forum Surnadal (SKF) til «Vårspræll» i Storstuå på Surnadal kulturhus. Dette er femte framsyninga i serien «Vårspæll/Hæstlatter» som SKF arrangerer.
Les heile sakaFamilien Gjeldnes/Jacobsson i Oppistua på Hjellnes er komne omtrent midt i flokken med saulamminga. Saulamminga blir ofte kalla for vårens vakraste eventyr, og det er jammen med god grunn – det er nemleg heilt magisk når saulamminga går for fullt og det gryr av nytt liv som formeleg poppar opp.
Les heile sakaDette er overskrifta i ei pressemelding vi har fått frå S-Nett. Det forsikrar, Ove Island, prosjektleiar for vedlikehald i S-Nett, nettselskapet i Svorka, og no dronepilot. Energimontørane i S-Nett skal mellom anna bruke nyinnkjøpte dronar til å føre tilsyn med straumnettet, og arbeidet tek til allereie neste veke.
Les heile sakaStavganggruppa i iSurnadal Pensjonistlag starta stavgangsesongen sin med tur langs Toåa i Todalen i år. Vêrmeldingane var ikkje dei beste for dagen, men elleve ivrige turgåarar møtte opp.
Les heile sakaPå Todalen bøgdalag sitt årsmøte i kveld, vart Svein Håvard Brøndbo valt til leiar. Han overtek etter Bjørn Gunnar Ansnes.
Les heile sakaDet var god stemning da ordførar Margrete Svinvik kunne ønske eit 70-tals deltakarar velkomne til Boligkonferansen 2023. Boligkonferansen var open for alle, der kommunen hadde invitert byggebransjen, innbyggarar og tilsette til kulturhuset. På agendaen stod orientering om byggeplanar, tilskotsordningar og utleigebustader i eit variert og heildags program, og kommunalsjef samfunn Karin Halle var konferansier.
Les heile sakaOnsdag kveld var Teatret Vårt på besøk på Surnadal kulturhus med musikkteaterstykket «Danse med skjebnen» – ei musikalsk reise som er basert på låtene til gruppa Dance With a Stranger. I danse med skjebnen er tekstane dikta om til dialekt og frakført av dyktige musikarar som er med på oppsetninga.
Les heile sakaOnsdag 3. mai klokka 18:00 inviterer Todalen sokneråd til vårdugnad på kyrkjegarden. Det blir raking, oppretting av gravstøtter og rydding etter vinteren. Ta difor med høveleg utstyr som t.d. rive, spade, trillebår.
Les heile sakaMåndag 1.mai startar Stikk UT! sommarsesong. Her er det både velkjende og nye turmål. I Surnadal er det tolv turmål, både Toåa tursti og Svinvikrunden er framleis med, to svært populære turar. Mulneset på Kvanne er nytt Stikk UT-turmål i år. Det er ein lett og fin tur med start frå Søyabanen.
Les heile sakaEi av dei mest kjente turistforeiningshyttene har fått nye drivarar. Det er Trygve og Astrid Roaldset som no blir styrarpar på Innerdalshytta i år.
Innerdalshytta ligg vakkert til i det som er kjent som Norges vakraste dal.
Det er eit sikkert vårteikn når pussemaskina dukkar opp for å samle inn igjen restar av strøsand og støv attpå vinteren. Etter at det vart bart rundt vegkantane har vi opplev at store bilar har vispa opp mykje støv og lort. En runde med pussemakina til Veidekke sørgjer for at støvplaga kjem bort.
Les heile sakaTorsdag 27. april tek stavgangssessongen til att etter vinteren. Da inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang langs Toåa.
Les heile saka