Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påminning: Kåring årets bilete 2024

Guro Redalen Torsdag 30. januar 2025

5 545 innsendte bidrag har så langt i historia til todalen.no blitt til den faste spalta med det ganske skildrande namnet dagens bilete. No skal 12 månadsvinnarar fra 2024 knive om å bli årets bilete. Og kven det skal bli, ja det kan du avgjerde med å røyste på din favoritt.

Les heile saka

Nikolai Søyset Hopland solgt til Herenveen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. januar 2025

Sonen til Anne Søyset frå Heimstad i Hallsetgrenda, Nikolai Søyset Hopland (20), dro i fjor haust til Heerenveen i Nederland på lån frå Ålesunds Fotballklubb (AaFK). Herenveen hadde opsjon på eventuelt kjøp. Nikolai har sidan han kom til Nederland og Herenveen vore fast «inventar» på laget til Robin Van Persie, og har spela 19 kampar og scora 3 mål.

Les heile saka

Inviterer til 50-årsjubileum

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. januar 2025

Surnadal Pensjonistlag inviterer til feiring av 50-årsjubileet sitt onsdag 26. februar klokka 16:00 på Thon Hotell Surnadal. Pensjonistlaget har motteke pengegåver, slik at prisen for å vere med på jubileumsfeiringa er berre kroner 200,- per person.  Påmeldingsfrist fredag 31. januar!

Les heile saka

Gudsteneste i Todalen kyrkje på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. januar 2025

Søndag 2. februar klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg under søndagens gudsteneste er Pål Arne Winsnes, medan Amund Valde er organist. På søndag blir gudstenesta i Todalen kyrkje også strømma, og gudstenesta kan ein da sjå på youtube.com/live/LMWNvaX42hY. 
Treng du skyss til kyrkja?   Dersom du treng skyss for å kome til gudstenesta, så er det berre å ta kontakt på telefon 908 41 614 (Borghild) så fikser vi det!

Les heile saka

I kveld: Enkel oppfrisking av trafikkreglane

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. januar 2025

Tysdag 11. februar frpå kl 18:00 og utover blir det høve til å bli med på eit lite oppfriskingskurs i trafikkreglane.  Det skjer i Todalen ungdomshus, og er eit samarbeid mellom Todalen historielag og Trollheimen trafikkskole i Surnadal.  

Les heile saka


Ski og natur på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. januar 2025

To nye filmar på Surnadal kino denne veka med bilde ein kan bli mållaus av! Filmen «Skal hilse fra naturen» kjem i filmklubben onsdag 29. januar klokka 12:00. Og det blir både ski og natur!

Les heile saka


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. januar 2025

Fredag 31. januar frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til årets første bakeriutsal. Som vanleg vil det vere mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen i bakeriutsalet hos Lia gard. 

Les heile saka

Inviterer til «felles middag» onsdag 29. januar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. januar 2025

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 29. januar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir servert kjøttpølse, potetstappe og løkfeite.

Les heile saka


Randosatsing med World Cup i Andorra

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. januar 2025

Denne helga er det lokale kjendiser som er på utror til dei italienske alper for å delta i WC i randonee.  Erik Kårvatn som representerer Trollheimen fjellsportklubb er ein av tre i den norske landslagstroppa som er utteken til å representere Noreg i WC i Andorra.  I dag er individuell som står på programmet – det vil seie at det er fellesstart og så gjelder det å være førstemann opp og nedatt igjen til målgang. I dagens konkurranse var det 66 påmeldte til start i klasse menn senior. 

Les heile saka