Det var sjølvsagt Todalen Sanitetsforening som stod som arrangør for førstehjelpskurset som var arrangert i Ungdomshuset måndag kveld, og høvet var Sanitetens veke som i år har førstehjelp for eldre som tema. Ut over eigen nytte så var kurset også aktuelt for pårørande og kanskje også for naboar?
Les heile sakaSesongavsluttar med tur til Øygardshalsen
Torsdag 26. september klokka 11:00 sesongavsluttar Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag med stavgangtur til Øygardshalsen.
Les heile sakaAS Sjømat kjem på døra og sel sjømat tysdag 24. september
Litt kort varsel, men tysdag 24. september frå klokka 11:00 kjem AR Sjømat frå Averøy for å selje sjømat i Todalen. Denne gongen vil dei køyre frå dør til dør rundt bygda, slik at folk kan få kjøpt sjømat heime.
Les heile sakaTusen takk for alle bidrag til årets demensaksjon
Da er årets resultat for Demensaksjonen klart og Surnadal demensforening og helselag, sammen med Åsgaard helselag er kjempefornøyd med et topp resultat på til sammen kr 141.867. Stor takk til årets russekull ved Surnadal videregående skole, takk til ungdommene fra Surnadal ungdomsskole som har valgfaget «Innsats for andre» og takk til alle dere andre som gikk med bøsser for en god sak, skriver Surnadal Demensforening og helselag i en e-post til Todalen.no.
Les heile sakaGodt at Natiri vart funne, sjølv om ho var død
Søndag var det 3 veker sia shibaen Natiri kom bort under ein fjelltur saman med eigaren Anders Mo. Da starta marerittet for Anders, for hunden Natiri var det kjæraste han åtte. Dei tre vekene har ikkje Anders fått fred i si sjel på grunn av dette. Laurdag kveld kom telefonen som Anders hadde venta på i 3 veker – Natiri var funne, men desverre så var ho død.
Les heile sakaOpe bakeriutsal hos Lia gard på fredag
Fredag 27. september mellom klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til nytt bakeriutsal. Hausten er her, og vêret innbyr ikkje alltid til uteaktivitetar, så da kan det vere godt å slappe av inne med noko godt til kaffen!
Les heile sakaInviterer til «felles middag» onsdag 25. september
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 25. september klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile sakaSprekt i Seniorfilmklubben, alvor og animasjon på kinoen
Haust er kinotid og Seniorfilmklubben inviterer til ellevill bryllaupsfeiring onsdag 25. september. Å, nei, dei skal ikkje til Geiranger. På Surnadal kino er det litt meir alvor, der dei mellom anna viser filmen Quislings siste dager.
Les heile sakaKløvertur i Toåa tursti
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. september . Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaEldrearbeidsprisen 2024
Eldrearbeidsprisen vart etablert i 2011, og vi lyser no ut etter kandidatar for 2024. Prisen skal gå til person, lag eller forening som har utmerka seg positivt i ulønna eldrearbeid. Send forslag på kandidat til kommunen innan 1. oktober 2024. E-post: post@surnadal.kommune.no Eller send forslaget til Surnadal kommune, v/eldrerådet, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.
Les heile sakaIkkje vent og sjå – ring 113! Kurs i førstehjelp.
Todalen sanitetsforening inviterer til kurs i førstehjelp måndag 23. september kl. 18:00 i Todalen ungdomshus.
Les heile sakaStyrte bekken på rett veg
I lengre tid har bekken innafor Tæljestorhaugen prøvd å ta seg ny veg, og vatnet har renne under myra og ned på turistlina. Dette har den siste tida eskalert. Odd Harald Talgø og Kjell Gunnar Polden har planlagt kva som måtte gjerast ei stund, og siste veka har det pågått arbeid for få bekken på rett veg att. Fredag vart dette arbeidet foreløpig avslutta, og nedanfor kan du lese kva Kjell Gunnar skreiv om arbeidet som har vore gjort den siste tida.
Les heile saka