Kaffelag, triveleg prat og basarstemning i Sanitetshuset – altså ein kjekk laurdagsettermiddag.
Les heile saka
Kaffelag, triveleg prat og basarstemning i Sanitetshuset – altså ein kjekk laurdagsettermiddag.
Les heile sakaTysdag 26. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Sidan den planlagde turen sist tysdag til Tingvoll og Norskå «regna bort», prøver dei altså no på tysdag på nytt. Blir vêret like dårleg denne gongen, finn dei eit anna turmål på kort varsel.
Les heile sakaI går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgang langs elva Surna og over Røssmoen. – Ordtaket «Det finnes ikkje «dåle ver, berre dåle kle» vart sett på prøve i dag, og hadde det ikkje vore ein planlagt tur hadde vi kanskje ikkje kledd oss i oljehyre og gått på tur, kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening melder at laurdag 23. september er det strikkekaffe i tidrsommet 13:00 til 16:00. Alle er velkomne, med eller utan handarbeid!
Les heile sakaSeniorfilmklubben på Surnadal kulturhus startar for fullt att onsdag 27. september klokka 12:00, med ein fabelaktig film! Filmklubben, som er open for alle over 16 år, hadde rett nok ein liten tjuvstart denne veka, da dei i samarbeid med Surnadal demensforening og helselaget viste flimen «Iris» som ei markering av «Alzheimerdagen».
Les heile sakaSaknar du en Hoka joggesko, så er det kanskje denne du leitar etter? Ein sko vart funnen på Kvennset for eit par dagar sia. Skoen hang da på ei brøytestikken mellom Sandstadkrysset og Matkroken i Todalen. Dersom du sakanar ein Hoka sko, så får du han att dersom du tek kontakt med Matkroken Todalen.
Det er firmaet Norva frå Stryn som har tømmeavtale med Surnadal kommune om septikktømming. Septikktankane blir tømt annakvart år, og i desse dagar er det to år sia sist. Tømminga var fort gjort, og foregår på den måten at ein spesialbil syg opp innhaldet i septikktanken, der dei kjører ein liten renseprosess og tappar vatnet attende til septikktanken. Bilen er som eit lite renseanlegg og skil tørrstoffet frå vatnet.
Les heile saka«Eldrearbeidsprisen» vart etablert i 2011. No ønsker Surnadal kommune å få inn forslag til kandidatar for «eldrearbeidsprisen» 2023. Prisen skal gå til ein person, eit lag eller ei forening som har utmerka seg pisitivt i ulønna eldrearbeid.
Les heile sakaVêrgudane hadde bestemt seg for at det skulle vere mykje regnvêr i går, så Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin planlagde tur til Norskå i Tingvoll kommune vart avlyst. Men da bestemte dei 14 fjellvandrarane seg for å ta ein alternativ tur til Søyådalen, for dei er ikkje «vêrpyser», og tur ville dei ha uansett!
Les heile sakaHeile tretten turdeltakarar stilte på kløverturen til Øygardshalsen måndag 18. september. Turen gjekk frå Vang skiarena etter fin og grei stiga opp til Øygardshalsen.
Les heile sakaSurnadal Pensjonistlag og Surnadal Eldreråd markerer den internasjonale Eldredagen 2023 i Surnadal kommune med foredrag og middag på Hammerstuene torsdag 5. oktober klokka 13:00.
Les heile sakaArnt Erik Otnes og Frank sPoon Botten rigga seg til for takreparasjon ved Todalen kyrkje. Nokre lause steinar har forsvunne i løpet av året, og no er det på tide å få reparert dette. Arnt Erik og Frank er vaktmestrar, og dermed ansvarleg for tak og anna vedlikehald ved kyrkja.
Les heile saka