Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til stavgang rundt Igeltjønna

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. juni 2024

Torsdag 6. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur i nabokommunen Rindal. Da inviterer dei nemleg til stavgangtur rundt Igeltjønna i Rindal kommune. 

Les heile saka

Hjertemarsj med gavmild støtte til demensforeninga

Jon Olav Ørsal Måndag 3. juni 2024

Surnadal demensforening og helselag stod måndag kveld som arrangør av «hjertemarsjen», og trossa vêrmeldinga som slett ikkje lova berre finvêr denne kvelden.  Det var start ved Søyabanen, og målgang ved grillhuset på Søysetøran, der arrangøren overraska med pølser på grillen og kaffe med sjokoladekake til.  

Les heile saka

Siste skrik – i år er det kakifarga

Jon Olav Ørsal Måndag 3. juni 2024

Årets HalsOil-caps er i salg, og sjølvsagt er det ny farge i år, og det er Kaki.  Handelsmann Nordvik fortel at den nye capsen no er i sal på Matkroken Todalen, og at det er tradisjon at capsen får ei ny farge kvart år. 

Les heile saka

Fotpleie i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. juni 2024

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie måndag 10. juni.

Les heile saka



Siste Fredrikkekaffeen våren 2024

Dordi Jorunn Halle Laurdag 1. juni 2024

Laurdag 1. juni inviterte Todalen sanitetsforening til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset. Etter ein lang periode med sol og varme dagar, starta juni med skodde langt nedover liene, regn og surt ver. Altså godt innver!

Les heile saka


Lyst til å bidra før eller under Todalsdagen?

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. juni 2024

Todalsdagen laurdag 29. juni er ei viktig inntektskjelde for Todalen Idrettslag. Sjølv om det meste er på plass til arrangementet, men om du har lyst til å bidra før eller under sjølve Todalsdagen, så er det fullt mogleg. 

Les heile saka

Ny laksesesong starta med grillkveld og lokal kultur

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juni 2024

Todalshytta markerte i lag med Todalen elveeigarlag at ny laksesesong starta natt til laurdag.  Med mykje god grillmat, og kulturelt innslag med Johanne Holten, vart det ei triveleg markering av starten på 2024-sesongen i Toåa.  Vêrgudane kunne nok ha vore litt meir slepphendte med sol og varme, men det var da eit godt alternativ å fortsette innomhus etter kvart.

Les heile saka

Planteloppemarked og ope museum på Åsen

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mai 2024

Laurdag 08.juni inviterer Surnadal Hagelag og Nordmørsmusea igjen til planteloppemarked i tunet på Åsen bygdemuseum, med påfølgande kaffeservering og opne museumsutstillingar.  Loppemarkedet startar kl. 13.00.  

Les heile saka

Svorka kan melde om eit sterkt år med vekst og nye investeringar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 31. mai 2024

I ei pressemelding frå Svorka no på tidleg ettermiddag, kan vi lese at Svorka Kraft i 2023 oppnådd stor vekst og fremgang, trass i utfordringar i energisektoren. Svorka har teke viktige steg for å møte fremtida sine behov for fornybar kraft og betre infrastruktur, samtidig som dei har styrket sin posisjon i marknaden.

Les heile saka