Trimgruppa i Surnadal Pensjonistlag startar torsdag 12. oktober klokka 11:00 oppatt med innetrim. Innetrimmen vil denne sesongen foregå på Frivilligsentralen på Skei!
Les heile saka
Trimgruppa i Surnadal Pensjonistlag startar torsdag 12. oktober klokka 11:00 oppatt med innetrim. Innetrimmen vil denne sesongen foregå på Frivilligsentralen på Skei!
Les heile sakaLaurdag 7. oktober inviterte husflidslaga i Rindal og Surnadal til programkveld i Surnadal kulturhus med tema «Bunaden vår. Nordmørsbunaden, Farstadvesten og Rindalsbunaden». Unni Irmelin Kvam, Grethe Farstad Hjertaker og Ole Kristian Gundersen kåserte om bunad og bunadbruk. Dei formidla stor kunnskap og stort engasjement om temaet.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 9. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaSøndag var det epledag i Svinviks arboret, med både innhausting og foredling på dagsorden. Sjølv om gradstokken berre såvidt var på plussida og snøgrensa låg på 4-500 meter, var det mange som kom for å få med seg denne opplevinga. Sissel, Katharina og Ola jobba på fleire frontar, og dermed var det både frukt, eplejuice og gode bakverk som resultat.
Les heile sakaI dag hadde Todalen Sokneråd invitert til gudsteneste i Todalen kyrkje, og det vart ei innhaldsrik gudsteneste med rundt åtti frammøtte. Det var barnedåp, presentasjon av neste års konfirmantar og presentasjon av 50-årskonfirmantjubilantane, altså dei som vart konfirmert våren 1973.
Les heile sakaFjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag skal feire at fjelltursesongen no er over. Dette gjer dei med å invitere alle som har vore med på minst ein av Fjellgruppa sine turar til middag på Hammerstuene onsdag 1.november klokka 19:00.
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i går tnkt å sesongavslutte med tur til Øygardshalsen, men på grunn av vegarbeid på skogsvegen, måtte dei endre turmålet.
Les heile sakaSvorka kan no tilby to forskjellege billadarmodellar til heimelading, ferdig montert i heime hos deg, på hytta eller fritidsbustaden. EMES og Zaptec held det dei lovar, dei lader trygt og enkelt heime og er designa for norske forhold. Aktiverer aktiverer ei smartlading i Svorka-appen sparer ein også penger ved å lade når straumprisen er lågast. På dagar der det er stor variasjon i straumprisane kan det vere ein del å spare på dette stadfestar Yngve Mogstad Høivik, salgs- og kundebehandlar i Svorka.
Les heile sakaOnsdag kveld inviterte Stangvik historielag og Nordmørsmusea avd. Surnadal til temakveld med seterhistorie på plakaten. Erling Myrbostad og Lars Gudmund Røen frå Stangvik historielag avslørte ein imponerande kunnskap om seterlivet, byggeskikkar og praktiske løysingar som gjorde at seterstølane var plassert slik dei var.
Les heile sakaFør oktober verkeleg har fått feste, tek vi litt tid til å «remember september» med ei kåring av månadens bilete. Klikk deg inn, og stem på din favoritt!
Les heile sakaSjølv om det er to og ein halv månad til vi skal feire julekveld, så er det iallfall tid for å førebu TIL Trim sin adventkalende. For fjorårets adventkalender med trekning av kortreiste gevinstar var ein ubetinga suksess. Den slo så godt an at trimgruppa har bestemt at dei skal kjøre same opplegg i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i Trimgruppa.
Les heile sakaStangvik Historielag og Nordmørsmusea avdeling Surnadal inviterer til temakveld på Åsen bygdemuseum, onsdag 4. oktober klokka 18:00. Emne for temakvelden denne gongen er seterhistoria.
Les heile saka