Det har vore utfordrande å drive med sauesanking i år – det har vore mykje nedbør og ikkje minst har det store snøfallet i høgfjellet laga problem. Ola G. Kvendset i Viastua fortel at dei har rundt 40-50 dyr i fjellet enno – knappe 30 er berga ned frå snøen medan eit 20-tal ikkje er funne. Onsdag henta Ola ned over 20 dyr frå Tælafjellet i Romådalen, men måtte forlate dei på Husbystølen i Romadalen da kveldsmørkeret kom.
Les heile saka
Kristian Gjeldnes er meisterfotografen bak månadens bilete i september, vi gratulerer! Les òg om kva lagret av innsendte bilete og ein svært lokal matbehaldar har til felles.
Les heile saka
Surnadal kommune lhar lagt ut «Plan for idrett og fysisk aktivitet 2023 – 27» til høyring. Høyringsfristen er sett til 3. november. Planen vil etter plana bli behandla i kommunestyret 23. november.
Les heile saka
Søndag 15..oktober frå klokka 12:00 – 16:00 inviterer Venner av Skulstuå i Todalen igjen til kaffeslabberas i Skulstuå. Det blir sal av kaffi og gode kaker. Leikekrok for dei minste og kortspelrom for ungdommane.
Les heile saka
Kammerkoret Ensemble Dalí inviterer søndag 15. oktober klokka 16:00 til Rakhmaninovs storslåtte Vesper i Stangvik kyrkje. Verket hadde urpremiere i 1915 og Dalí framførte verket i 2016, da i samband med koret sitt 10-årsjubileum. Dei gler seg til å bringe Vesper til liv att.
Les heile saka
I samband med ny kommunestyreperiode, 2023 – 27, skal det veljast to brukarrepresentantar til Råd for personar med funksjonsnedsetting og nye medlemmar til Eldrerådet.
Les heile saka
Vinteren står unekteleg for døra, og Svorka melder i ei pressemelding at dei no kan tilby nye varmepumpemodellar, som vil vere eit godt og økonomisk suplement til oppvarminga.
Les heile saka
Denne veka er det som kjent haustferie, og på Surnadal kino har dei sett opp eit variert kinotilbod, som også inkluderer filmframsyningar på dagtid. Og her er det noko både for store og små!
Les heile saka
Matkroken Todalen – eller L. Hals Eftf. AS som er det juridiske namnet, blir 111 år søndag 29. Oktober. Kan det bli den siste bursdagen som butikken kan feire. 31. juli neste år har Terje Nordvik bestemt seg for å bli pensjonist på heiltid – alderen og utslitne kneledd krev sitt, og etter råd frå fastlegen vil han no «ta livet med ro» som han seier.
Les heile saka
Etter kløverturar utanom Kammen i september, vart det rolege kløverturar i Toåa tursti dei to første måndagane i oktober.
Les heile saka
Surnadal kommune har no lagt ut Todalen skule for sal. Eldste delen av skulebygningane er bygd i 1920, gymsalen påbygd i 1982 og eit lite påbygg frå 1997. Prisen er sett til ei krone. Det er driftsplan og framtidig bruk av bygningsmassen som vil vere avgjerande for kven som får tilslaget.
Les heile saka
Måndag morgon starta Veidekke asfaltarbeidet rundt omkring i bygda. Asfaltarbeidet var planlagt før helga, men mykje nedbør og snøbyger i lufta gjorde at arbeidet måtte utsetjast til måndag. Måndag føremiddag starta arbeidet med asfaltering frå Hjellabrekka til Øyabrua – vidare kjem det til å gå slag i slag til alt er ferdig. Det er eit asfaltlag frå Veidekke som utfører arbeidet og transport av asfalten skjer frå Kristiansund i regi av Surnadal Transport.
Les heile saka