Fredag 3. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Da er trauet mellom anna fylt opp med ferske skulebollar, og sjølvsagt mykje anna godt!
Les heile saka
Fredag 3. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Da er trauet mellom anna fylt opp med ferske skulebollar, og sjølvsagt mykje anna godt!
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 30. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDersom du hadde eit auge på kveldshimmelen laurdag kveld, så vart du kanskje vitne til ei delvis måneformørking i nokre minutt. Den var på sitt største kl 22.14, og skuggen av jorda dekte da ein liten skalk. Når dette skjer så ligg sola, jorda og månen på linje, slik at jorda altså kastar skugge på månen.
Les heile sakaMed aukande straumprisar er det sjølvsagt aktuelt med vedfyring igjen. Dei siste par månadene har regnet sørga for å halde straumprisane nede – sågar eit par dagar på minusnivå. Men så kom finvêret og litt kulde, og da vart det straks aktuelt å fyre opp i omnen igjen. Bjørn Kvendset rusta seg på skogsarbeid og vedhogging i Lykkjebygda i dag – det er nok ved for neste sesong, og leveringsklar først til sommaren.
Les heile sakaNeste søndag, 5. november frå klokka 15:00, inviterer Todalen Idrettslag til Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. I dag tek førehandssalet av lodd til basaren til via Vipps. Måndag 30. oktober klokka 10:00 – 14:00 og fredag 3. november klokka 10:00 – 15:00, vil i tillegg folk frå idrettslaget selge lodd på Matkroken Todalen.
Les heile sakaNatt til søndag 29. oktober er det atter tid for å stille klokka. Da er det slutt på sommartida for i år, og du må stille klokka tilbake ein time. Det vil seie at du får ein time ekstra natt til søndag – ein slags bonustime som du kan nytte til å sove ein ektra time dersom du vil. Vil du være heilt korrekt så skal klokka stilles ein time bakover frå kl 03 til kl 02.
Les heile sakaLaurdag er det jebbursdagfeiring på gang i Kaffekroken. Da er det 111 år sia Lars Hals starta butikken på Todalsøra under namnet L. Hals. Dette blir feira med gratis kaffe og bakels med graut.
Les heile sakaFrå kulturavdelinga i Surnadal kommune, har vi fått informasjon om at det no er mogleg for lag og organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar å søke om tilskott til aktivitetar som er retta mot barn og unge, som av ulike grunnar står i fare for å hamne utanfor.
Les heile sakaTorsdag 2. november klokka 19:00 – 21:00 inviterer Kyrkja i Surnadal til temakveld om sorg på Kyrkjelydshuset på Skei. Prestane Vidar Wilhelmsen Rygh og Toril Stendah. vil her prate om det å leve vidare med sorg.
Les heile sakaMåndag 11. september, same dag som kommune- og fylkestingsvalet, var det val av nye medlemmar til soknerådet for Todalen sokn. Denne veka hadde det nye soknerådet sitt sitt konstituerande møte, for å fordele dei ulike verva.
Les heile sakaSnart er det tid for lansering av årsskriftet for året 2023, det skjer i Todalen ungdomshus søndag 12. november.
Les heile sakaAllereie i ettermiddag er det balldag på Todalshytta – den er tillyst før og startar serveringa kl 15 og held på til kl 18. Men det skjer også andre ting som vi kan gle oss over – mellom anna Thaiaften som blir arrangert laurdag 11. november. Siste helga på november – fredag 24. november er det enno ledig nokre plassar som passar for enkeltpersonar eller små grupper.
Les heile saka