I disse OL-tider er det vel mest fokus på det som skjer i Vancouver, men vi tok likevel ein tur rundt bygda for å «ta pulsen». I den kalde vinden og med fleire kuldegrader i aksjon, trefte vi fleire godt påkledde sambygdinger som dreiv med eit eller anna.
Les heile saka
Den siste tida har elevane i dei eldste klassane hatt temaet «luft i rørsle» i naturfag. Sist torsdag var det klart til forsøk med å lage varmluftsballong i lag med Randi. Etter mange ulike modellar og forsøk vart det endeleg suksess – berre sjå på bileta. Trur det er første gongen det har sveva heimelaga […]
Les heile saka
No er det vinterferie for elvane ved Todalen oppvekstsenter, men dagane førut var travle:
Onsdag 10.februar laga elevane fastelavnsris i lag med Todalen sanitetsforeining – dugnad! Stor innsats og flotte bukettar .
Onsdag 17.februar hadde Frode og Åshild frå idrettslaget skitrening i midttimen: Teknikktrening, ulile leikar og stafett – skikkeleg kjekt! Til slutt smaka det godt med saft.
Les heile saka
Nå kan du sjekke værvarselet på Todalen.no. Vi har inkludert værvarselet fra yr.no, som NRK og meteorologisk institutt står bak, her på siden, hvor du fortløpende kan følge med været for Todalen den neste uka.
Du finner varselet for det neste døgnet på forsiden, mens for lengre varsel kan du gå inn på den dedikerte værsiden.
Rektor Dordi Jorunn Halle fortel at dei har funne ei nøkkelhonk i snøen på skuleområdet i dag. Det ser ut som det er husnøklar + diverse. Ta kontakt med Todalen oppvekstsenter så får du dei att.
Les heile saka
I dag serverte Todalen Bondelag førmiddagsmat ved Todalen Oppvekstsenter. Då var alle skule-og barnehageungane samla i gymsalen til eit triveleg måltid. Der vart dei servert kakao, heimlaga steinovnsbaka brød, heimlaga youghurt og mykje anna godt pålegg.
Les heile saka
Eldremiddagen i Todalen var onsdag samla til årsmøte og «feittysdag» i Sanitetshuset. Dei er ein trufast gjeng som samlast her kvar onsdag utanom ferietida, og jul- og påskeferien. Da serveres god og variert husmannskost og dette er organisert etter sjølvkostprinsippet, og da serveres det 3-retters middag for 75 kroner. Når det er luksusmiddag som kjøtt og påsse og julemiddag kostar det 100 kroner, fortel det nyvalde styret i eldremiddagen Anne Moe (ledar), Brit Nordvik (styremedlem) og Martinus Torvik (sekretær og kasserar) til Todalen.no.
Les heile saka
På oppfordring fekk vi Karen Johanne Talgø til å skrive litt omkring tradisjonane med feittysdag. Ho tok oppfordringa på strak arm og her fortel ho om feittysdagsmenyen hos familien i Trondheim og no på Vestrum i Todalen. Ho skriv:
Les heile saka
Heilt sidan Svinviktunnelen opna i 2001 har det til stadighet vore problem med løs stein som har rulla ned på vegbanen, til stor fare for trafikken ut frå tunnelen på Svinviksida. For nokre år sia vart det gjort forsøk på å ordne dette, men til inga nytte.
Les heile saka
Annakvar tysdag treffest konfirmantane som soknar til Todalen og prest Bernt Venås til førebuingar i anledning konfirmasjonen som er på vårparten. I år nærare sagt på Kristi Himmelfartsdag, den 13. mai.
Les heile saka
Frå Magne Svinvik har vi fått tips om at flere lokale deltakarar var med i NM Telemark forrige helg. I landsfinalen for 14-15 årsklassen tok Lisabeth Svinvik NM-sølv og Ola Talgø tok bronse. Ane Mogstad tok og ein sterk 2. plass i jenter 10-11 år. Ellers deltok også Emil Ansnes, Erika Kårvatn Moen og Lars Mogstad fra Surnadal ski telemark/freeride.
Les heile saka
Frå Olav Kvendset, busett i Pope Valley i California, har vi fått helsing via e-post. Han lurar på kva tradisjonar vi har med feittirsdagen, og stiller spørsmålet både til innfødte og utflytta todalingar.
Han skriv:
I går var det fastelavenssøndag, utan at det vart markert noko vesentleg. I morgon er det feittysdag og på onsdag er det oskeonsdag. Kom til å tenkje på at det har vore interessant å vite om todalingar flest markerer feittysdagen. Kanskje Todalen.no kunne ha teke opp spørsmålet?
Les heile saka