Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 9. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaVellukka og triveleg epledag i arboretet
Søndag var det epledag i Svinviks arboret, med både innhausting og foredling på dagsorden. Sjølv om gradstokken berre såvidt var på plussida og snøgrensa låg på 4-500 meter, var det mange som kom for å få med seg denne opplevinga. Sissel, Katharina og Ola jobba på fleire frontar, og dermed var det både frukt, eplejuice og gode bakverk som resultat.
Les heile sakaInnhaldsrik og godt besøkt gudsteneste
I dag hadde Todalen Sokneråd invitert til gudsteneste i Todalen kyrkje, og det vart ei innhaldsrik gudsteneste med rundt åtti frammøtte. Det var barnedåp, presentasjon av neste års konfirmantar og presentasjon av 50-årskonfirmantjubilantane, altså dei som vart konfirmert våren 1973.
Les heile sakaAvsluttar fjelltursesongen på Hammerstuene
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag skal feire at fjelltursesongen no er over. Dette gjer dei med å invitere alle som har vore med på minst ein av Fjellgruppa sine turar til middag på Hammerstuene onsdag 1.november klokka 19:00.
Les heile sakaStavgangarane sesongavslutta med tur frå Vang skisenter
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i går tnkt å sesongavslutte med tur til Øygardshalsen, men på grunn av vegarbeid på skogsvegen, måtte dei endre turmålet.
Les heile sakaSikker og smart lading av elbilen
Svorka kan no tilby to forskjellege billadarmodellar til heimelading, ferdig montert i heime hos deg, på hytta eller fritidsbustaden. EMES og Zaptec held det dei lovar, dei lader trygt og enkelt heime og er designa for norske forhold. Aktiverer aktiverer ei smartlading i Svorka-appen sparer ein også penger ved å lade når straumprisen er lågast. På dagar der det er stor variasjon i straumprisane kan det vere ein del å spare på dette stadfestar Yngve Mogstad Høivik, salgs- og kundebehandlar i Svorka.
Les heile sakaMuseumskveld: Interessant og lærerik seterhistorie
Onsdag kveld inviterte Stangvik historielag og Nordmørsmusea avd. Surnadal til temakveld med seterhistorie på plakaten. Erling Myrbostad og Lars Gudmund Røen frå Stangvik historielag avslørte ein imponerande kunnskap om seterlivet, byggeskikkar og praktiske løysingar som gjorde at seterstølane var plassert slik dei var.
Les heile sakaTid for kåring av månadens bilete i september
Før oktober verkeleg har fått feste, tek vi litt tid til å «remember september» med ei kåring av månadens bilete. Klikk deg inn, og stem på din favoritt!
Les heile sakaDet er jammen snart jul igjen!
Sjølv om det er to og ein halv månad til vi skal feire julekveld, så er det iallfall tid for å førebu TIL Trim sin adventkalende. For fjorårets adventkalender med trekning av kortreiste gevinstar var ein ubetinga suksess. Den slo så godt an at trimgruppa har bestemt at dei skal kjøre same opplegg i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i Trimgruppa.
Les heile sakaTemakveld: Hus på setrene
Stangvik Historielag og Nordmørsmusea avdeling Surnadal inviterer til temakveld på Åsen bygdemuseum, onsdag 4. oktober klokka 18:00. Emne for temakvelden denne gongen er seterhistoria.
Les heile sakaTemakveld om bunadene våre
Husflidslaga i Surnadal og Rindal arrangerer temakveld om bunadene våre laurdag 7. oktober i Surnadal kulturhus. Arrangementet startar kl. 17:30 med utstilling. Temakveld med kåseri og underhaldning i Storstuå kl. 19:00.
Les heile sakaHæstlatter på gang – billettsalget igang
Lørdag 21. oktober kl. 19.00 er en ny forestilling «HÆSTLATTER 2023» på gang i Storstua på Surnadal Kulturhus. Det er Kreativt Forum som står som arrangør, og nå er altså billettsalget igang.
Les heile saka