Det er ei travel tid for rørleggarane om dagen. Dei får fleire telefonar dagleg frå folk som opplever at vatnet er frosset. Laurdag var det full sjau med gravemaskin og rørleggar ved barnehagen. Aud og Ola i Øyå opplevde å koma heim til frosset vatn, og har jobba 3 dagar for å tine og lokalisere kvar det var frosset. Her viste det seg at det var frosset på fleire plassar, men det vart da ei ordning til slutt.
Les heile saka
Nytt kurs i virkesutnytting av tømmer, – tømmerkapping i mars
Det blir ein dag med teori og ein dag med praksis ute. Kursavgift kr 250,-. Påmelding innan 14. mars til Sven Olav Svinvik.
Les heile saka
Todalen.no har heilt sia starten i august hatt ei fin og jamn økning i trafikken. I januar og februar har antal besøk på sia nærma seg ti tusen. Dette er tal vi er veldig godt nøgd men og som nok er langt over forventningane vi hadde før vi starta.
Les heile saka
Torsdag kveld var det årsmøte i Todalen historielag i Ungdomshuset. Det var oppmøtt eit tjuetals medlemar da historielaget summerte opp eit aktivt år i 2009. Laget har over 170 betalande medlemar, og det må vel kunne seiast å være bra når det er knappe 350 innbyggarar i bygda (med smått og stort).
Les heile saka
I følge driva.no er skjebnen til gamle Todalen skule no snart avgjort. Førstkommande tysdag vil dette bli avgjort i formannskapet.
Les heile saka
På nettsidene til IL Søya kan vi lese om kurs i forebygging og førstehjelp ved skadar. Her blir særskilt trenarar , lagledarar og anna hjelpepersonell oppfordra til å delta.
Les heile saka
På www.verdiskaparen.no er Kårvatn v/Gudmund Kårvatn nominert til «Årets verdiskaper 2010». Vi i Todalen.no tykkjer han må vera ein sterk kandidat med både ny butikk på nylåven og ikkje minst barneTV-serien «Fjellgarden i Trollheimen». Todalen.no minner om at fristen til å stemme er til og med 17. mars, og at du kan stemme så mange gongar du berre vil.
Les heile saka
Todalen historielag minner om årsmøtet som foregår i Ungdomshuset torsdag kveld 4. mars kl 19.30. Forutan valege årsmøtesaker vert det kåseri med Bernt Bøe og demonstrasjon av www.kulturminneatlas.no. Vel møtt!
Les heile saka
I Tidens Krav kan vi lese at dei tre skoglaga i kommunen; Todalen, Åsskard og Surnadal vil slå seg saman til eit stort skoglag. Faktisk har dei ambisjonar om å bli det største skoglaget i fylket. Dette har dei sendt ut pressemelding om, og du kan lese meir om dette på nettsida til TK .
Les heile saka
Frå mars vil redaksjonen kåre eit av bileta vi publiserer som dagens bilete til månadens bilete. Vi vil vektlegge kreativitet og aktualitet.
Les heile saka
Frå Knut Haugen har vi fått e-post. Han skriv om fotballaget som har fått litt av et ærefullt oppdrag: «Om knappe to uker er det serieåpning i Tippeligaen, med bl.a. storkamp på Aker stadion mellom Molde og Rosenborg. Men det blir også en spesiell kamp av andre årsaker. Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen G14 har nemlig fått det ærefulle oppdraget som ballhentere.
Les heile saka
Etter to svært kalde månader håpar dei fleste no på meir vårlege temperaturar i mars. Men statistisk sett må ein vere forberedt på at også mars oftast er ein kald og stabil vermånad. På dei siste 20 åra treng ein berre gå tilbake til 2006 og 2007 for å finne ytterpunkta temperaturmessig.
Les heile saka