Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ein epoke er over…

Ein epoke er over…

Jon Olav Ørsal Sundag 15. august 2010

Fredag var gammelbrua ved Kårvatn komen til veis ende. Da vart brua revet, og dei gamle brukara fjerna. Gudmund Kårvatn seier at det var på høg tid, for gammelbrua var sterkt prega av forfall. Nybrua er bygd ca 50 meter lenger ned ved den nye butikken, og det er bygd ny veg over Bekkøya som kjem innpåatt vegen fram til Dalahaugen og parkeringsplassen ved Plassen. Gudmund fortel at ein del av materialane fra gammelbrua skal brukast til ny bru over elva ved Plassen.

Gudmund er usikker på kor gammel brua var, men det har vore bru her lenge. Oppgjennom tida har brua vore ombygd og forsterka fleire gonger, og sist var på 60-talet ein gong. Da vi var innom dreiv Per Gjeldnes med opprydding og muring av ny elvaforbygging der det gamle brukaret hadde stått.

I samband med at nybrua kom er det gjort endringar i gardstunet, og mellom våningshuset og Stabburet vil no bli plass for privat uteområde. Ved informasjonsskiltet er parkeringsplassen utvida, og snart skal det kome skilting på plass, seier Gudmund Kårvatn til slutt.

Publisert: 15. august 2010, 11:23