Det var litt kaldt, men ellers var det fine forhold da smårollingane starta årets fotballsesong med treningskamp mot Surnadal. Kampen var prega av stor innsats og vart eit etterlengta vårslepp med stor fart. Godt å få på fotballdrakta igjen etter ein lang og kald vinter.
Les heile saka
Då har Gjermund kome seg nesten velberga i mål, med å ha slik cirka ein bloggar i månaden. Som dei aller fleste hugsar, var det Laila Kvendset som var førstemann ut i vår nye spalte. Ho valde å utfordre Bjørnar Kalseth, og her er kva han har å dele med oss;
Les heile saka
Onsdag kveld arrangerte Todalskoret «Syng med oss» i Ungdomshuset. Mellom 40 og 50 hadde funne vegen til Ungdomshuset for å ta del i songkvelden, der det var både korsong, allsong og anna underhaldning.
Les heile saka
På Todalsøra er det ein eigarlaus vegstump på 40-50 meter som verken Vegvesnet eller Surnadal kommune vil være eigarmann av. Den er på enden av Riksveg 671 og der er det ingen som har ansvar verken for vedlikahald eller brøyting. Da blir det etter kvart dårleg standard, og dette skaper sjølvsagt frustrasjon for oppsittarane ved denne eigarleuse vegstumpen.
Les heile saka
Tysdag kveld var det storstila opning av ny bane for leirduesti på Angråmyra. Det var ordførar Mons Otnes og Elmer Talgø frå sponoren Talgø Invest som sto for opningsseremonien med ein uformell duell. Du kan lese meir om dette på Surnadalsnytt på Trollheimsporten.
Les heile saka
Trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa i Todalen IL arrangerer basar i ungdomshuset søndag 25. april kl 15.00.
Les heile saka
Både Talgø Møbelfabrikk og Terjes Handelsagentur har helga delteke på Bohus-messa i Vikingeskipet på Hamar. Der var dei aller fleste leverandørane til Bohus på plass med utstilling av utvalgte kjedemodellar for Bohus. Laurdag kveld var heile 800 samla i Hamar OL-amfi (der dei arrangerte kunstløp under OL i 94) til felles bankett før avslutninga søndag. Der var kåring av årets leverandør ein av programinnslaga, og stor var overraskinga da Talgø vart lansert som ein av 5 nominerte, fortel dagleg ledar Ola Magne Nordvik.
Les heile saka
Onsdag kveld (21/4) inviterer Todalskoret til «syng med oss-kveld» i Ungdomshuset. Sjå programmet…
Les heile saka
Det er Jon Bruset som har plukka dei første kvitveisane i år. Dei er funne oppi hamrane ovafor Høghjellen i Romålia. Oppi der brukar kvitveisen å vera mykje tidlegare ute, og snøbygene dei siste dagane setter nok ikkje akkurat fortgang på blomstringa.
Les heile saka
Været har alltid vore eit sentral tema mellom folk. Det er også eit ordtak som seier at det er alle som snakkar om været, men ingen som gjer noko med det. Når meterorolagane på yr.no og TV2-været henta fram minusgrader og snøkrystalar, tykte vi at det var på tide å kontakte ein vær-spåmann for å sjekke […]
Les heile saka
Da Todalen.no var innom sanitetshuset var det kome inn nærare hundre sekkar med klede som seinare skal fraktast til Estland for å kome til nytte på barneheimar og likanade. Det er no 3. gongen at Todalen Sanitetsforening deltek i slik aksjon, og givarglda har vore like stor kvar gang seier Ragnhild Ansnes Moe og Marit Sanden Søyset som er ansvarleg for innsamlingsaksjonen.
Les heile saka
No har familien Kårvatn sett press på Surnadal kommune om å foreta naudsynte utbetringar på vegen opp til Kårvatn. Det resulterte i at Per og Arne Gjeldnes i dag skråpa og grusa dei mest utsette strekningane mellom Falla og fram til Kårvatn.
Erik og Gudmund Kårvatn har ved fleire høve vore i kontakt med komunen om vegforholda, men i følgje Surnadal kommune har dei ikkje pengar å avsjå til utbetring av vegen så han blir bra. Vedlikehaldet på denne strekninga har dei siste åra vore minimal på grunn av kommunale innskrenkingar, noko som gjer at vegen er kome ned til til eit absolutt minimumsnivå av korleis den bør vere standardsmessig.
Les heile saka