Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Boksøg» under Vårsøghelga

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. april 2023

Under Vårsøghelga laurdag 27. mai klokka 13:00, inviterer Vårsøghelga til «boksøg» med Guri Sørumgård Botheim, leia av Svein Sæter. Dette er eit arrangement i samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag, og det blir musikalsk innslag ved Sigurd Brørs. 

Les heile saka

Inviterer til tradisjonsrik vårfest på Syltøran

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. april 2023

I mange år har dei samarbeidd om å markere at våren og vipå er komen. Torsdag 20. – laurdag 22. april er det vårfest på Syltøran – det er Sveen Auto, Eiksenteret, Byggmakker Surnadal og Hageland Surnadal som er vertskap, og dei har mykje å by på disse dagane – Du kan glede deg til massevis av gode vårtilbod, grillmat, pizzasteiking, utstillingar, kaffe og kaker, rømmegraut og spekemat, presentasjon av nyheiter, eller kosrt og godt sosiale dagar med mykje folk og mykje god latter.

Les heile saka

Vikingetid på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. april 2023

Jan Ove Ekeberg har hatt stor suksess med sine bøker med handlinga lagt til vikingtida. Tysdag 25. april klokka 19:00 kjem han til Surnadal kino på kulturhuset.

Les heile saka


Bli med på vårens siste trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. april 2023

Surnadal Pensjonistlag inviterer til vårens siste trim i Trudvang torsdag 20. april klokka 11:00 – 12:00. Dei har også den siste trimøkta fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!

Les heile saka


Inviterer til våpenkveld

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. april 2023

Surnadal Skytterlag og Surnadal Jeger og Fiskerforening inviterer til våpenkveld på Angråmyra skytebane torsdag 20 april klokka 19:00. 

Les heile saka

Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 16. april 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 17. april. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00 . Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

Sprint: 6 hundredeler frå kvartfinale for Erik

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. april 2023

Det var nok litt surt for Erik Kårvatn i dag – han var 6 hundredels sekund frå plass i kvartfinalen i laurdagens sprint i Tromsø’s gater.  Han kom på 31.plass i kvalifiseringa på tida 2:30,7 som er ei så god tid at han slo legenden Antonioli da – det er iallfall ei lita trøst.  Dagens norske helt vart nok Hans-Inge Klette som vann kvartfinalen og kom heilt til finalen, der han fikk ein flott 4.-plass.

Les heile saka

Sprint frå Tromsø på NRK i dag frå kl 14.30

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. april 2023

World Cup-arrangøren hadde ein kjmpedag i går, med ei spektakulær sending på NRK1 som fekk synt fram Tromsø og Kvaløya på sitt aller beste.  I dag får vi meir av same sorten, men i dag er det sprint som står på programmet.  Randonee-landslaget er på plass og det er også Erik Kårvatn som gjorde eit veldig sterkt løp i går, da han vart klokka inn på 28 plass eller kanskje vi heller skal seie at han kom på top 30-lista.  

Les heile saka

14. april er første sommardagen

Jon Olav Ørsal Fredag 14. april 2023

På tide å skifte frå vintersko til lettare sommarsko – Todalen Mjølk reknar med at vinteren og snøvêret er over for i år og setter på sommarhjul for å gjera klart til våronna.  På primstaven er det da 14. april som er første sommardagen på «sommarsida» og når meteorologane spår sommartemperaturar for heile 10-dagersperioden så er vel ikkje hjulskifte noko å vente med.

Les heile saka

Spektakulært innslag frå WC på Kvaløya

Jon Olav Ørsal Fredag 14. april 2023

Det var eit kjempefint innslag frå WC i randonee i Tromsø – dagens idividuelle konkurranse hadde 62 deltakarar i seniorklassen for mann, og dagens vinnar i seniorklassen vart Remi Bonnet frå Sveits på tida 1:05:02,67. Beste nordmann vart Hans Inge Klette på 16.-plass, medan Trym Dalset Lødøen kom på 22.-plass.  Erik Kårvatn gjorde og eit kjempeløp og kom på 28. plass på tida 1:17:00,10.  «Solid for ein unggut som enno har mykje å lære å kome inn på topp 30-lista», var kommentaren til NRK-reportaren.

Les heile saka