Jon Bruset har vore på tur oppi Kvennsetdalen, til inntaket for Råssåfoss Kraftverk.
Les heile saka![Råssåfoss Kraftverk – status på nyåret](http://todalen.no/wp-content/uploads/2010/01/Rossaa_anlegget-004.jpg)
Jon Bruset har vore på tur oppi Kvennsetdalen, til inntaket for Råssåfoss Kraftverk.
Les heile sakaYr.no meldte om litt høgare temperatur i dag, men da rekna dei nok med små marginar, for det er fortsatt mellom -15 og -20 rundt omkring i Todalen. Litt høgare temperatur ved sjøen utover stranda med 8-10 kuldegrader.
Les heile sakaVed Talgø Møbelfabrikk i Todalen var det skifte av dagleg ledar frå 1. januar. Arne Rudningen som har vore dagleg ledar ved fabrikken i 4 år går over i ny stilling som innkjøpssjef i Talgø Invest, medan Ola Magne Nordvik tek over det daglege ansvaret for Talgø Møbelfabrikk i Todalen.
Les heile sakaKanskje blir det ein ny runde om byggjinga av nye Molde sjukehus. Orkide-ledar Knut Sjømæling har fått med seg dei andre Nordmørsordførarane på ei offentleg støtte-erklæring til Per Kristian Øyens utspill om å stoppe Molde nye sjukehus.
Les heile sakaVi har fått rapport frå Jon Bruset om rekordkulde på Småhjellan torsdag. Da kraup kvikksølvet heilt ned til -22,3 grader, og det er det kaldaste han har registrert gjennom 20 år med målingar av maximum og minimumsteperaturar. Han skriv at det gjennom 20 år har vore 8 døger der temperaturen har vore under -20 grader.
Les heile sakaFrå «eldregeneralen» Martinus Torvik har vi fått e-post med orientering om ny runde med eldremiddag i Sanitetshuset. Han skriv at eldremiddagen no går inn i sitt 20. år og helsar både gamle og nye gjestar velkomne.
Les heile sakaDette at det i 2009 ikke har vært noen form for seniorfotball på Søyabanen. Med oppmøtet i idrettshallen på mandagskveldene i høst og vinter viser det seg at det er mange spillere som kunne tenke seg å spille på A-lagsnivå, og IL Søya undersøker nå mulighetene for å få i gang dette.
Les heile sakaVi har fått ein skikkeleg smak av vinter, og gradestokken har enkelte plassar krøpet under 20-talet.
Og vil fortsette med ein topp fredag eller laurdag melder yr.no. Da kan de faktisk bli ned mot 25 kuldegrader dersom prognosane slår til.
Arnt Ivar Brøndbo i Scooterkomiteen opplyser at Todalen I.L no har starta sesongen med oppkøyring av skiløyper.
Utover sesongen vil det bli køyrt på spor i Lysløypa, og frå Kvennset til Bekkerhagan. Det blir også kjørt eit spor frå Bjøråa via Tjønnmyra, opp Huslia til Talgøstorhaugen og ned igjen til Innerdalsmerket.
På heimesida til Surnadal kommune har vi saksa:
VAKSINASJON MOT SVINEINFLUENSA – MASSEVAKSINASJON
Alle som ønskjer det får no tilbod om svineinfluensavaksine.
Vaksineringa vil gå føre seg i 1 etg. på Surnadal ungdomsskole Torsdag 07.01.10: kl. 15.00 – 18.00.
Er aktivitetskalenderen vår allereie glømt, eller er det berre 4-5 kveldar med volleyballtrening som skal skje i Todalen i heile januar?
Les heile sakaFor Lars Kvendset er det tradisjon med nyttårsbad. Han starta karrieren på saman med vener på Eide for 6 år sidan. I år var det på tide å lage ein todalsk tradisjon av dette, og nyttåraften var det klart for bad i fjøra ved Ansneset.
Les heile saka