Fredag 20. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Da er trauet mellom anna fylt opp med ferske skulebollar, og sjølvsagt mykje anna godt!
Les heile sakaStangvik Historielag inviterer til omvising i Ulvund kraftstasjon
Stangvik Historielag inviterer til omvising i Ulvund kraftstasjon i Ålvundfjorden onsdag 18. oktober klokka18:00. I tillegg til omvising blir det litt om historia til kraftverket, som i si tid vart bygd av Kristiansund Elektrisitetsverk, og stod ferdig til drift i 1939.
Les heile sakaKaffeslaberas og minikonsert med Katie
Det hagla og regna som verst i dag, var det godt å kome i hus i det vedfyrte samlingslokalet i Gammelskulen. I dag var det invitert til «kaffeslaberas» igjen, men det vart da heller litt av ein internasjonal cafè, med besøk både frå USA og frå Spania. Katie Manasse-Catinella som er heimehøyrande i New Orleans hadde med gitaren, og som profesjonell songar/musiker bidro ho med ein svinganede minikonsert i den gamle skulstua.
Les heile sakaKløvertur til Tjønnmyrane
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 16. oktober . Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaFredrikkekaffe – riktig godt oppmøte
Ute regn og rusk, inne lunt og godt! Slik var det laurdag 14. oktober da Sanitetsforeninga inviterte til Fredrikkekaffe.
Les heile sakaHandledag med oppslutning utan like
Bygdefolket viste at dei sett stor pris på nærbutikken sin, da Matkroken Todalen arrangerte lokal handledag sist laurdag. Matkroken Todalen er ein såkalla Merkurbutikk, og er slik deltakar i dette prosjektet som faktisk er landsomfattande nettverk av utkantbutikkar. Laurdag var det altså mobilisert for nærbutikkane over heile landet.
Les heile sakaInformasjon om influensa- og koronavaksine i haust
Surnadal kommune melder på sine heimesider at det blir vaksinering med både influensa- og koronavaksine i Familiens hus på Surnadal kommunehus onsdag 25. oktober, torsdag 26. oktober og fredag 27. oktober.
Les heile sakaFredrikkekaffe i Sanitetshuset
Todalen sanitetsforening melder at laurdag 14.oktober er det Fredrikkekaffe i tidsrommet 13:00 til 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid!
Les heile sakaInnetrim på Frivilligsentralen
I går fekk Trimgruppa til Surnadal Pensjonistlag ein bra start på innetrimsesongen på Frivilligssentralen på Skei.
Les heile sakaKjem du på kaffelag? – gratis kaffe og blautkake i Kaffekroken
Komande laurdag 14. oktober slår vi på stortromma og serverer gratis kaffe og blautkake i tidsrommet 10:00 – 15:00. Det skjer i samband med at vi markerer «Handle lokalt-dagen». Dagen blir markert over heile landet i alle såkalla «Merkur-butikkar» som deltek i Merkurprogrammet.
Les heile sakaTøffe tak med sauesanking i snøen
Det har vore utfordrande å drive med sauesanking i år – det har vore mykje nedbør og ikkje minst har det store snøfallet i høgfjellet laga problem. Ola G. Kvendset i Viastua fortel at dei har rundt 40-50 dyr i fjellet enno – knappe 30 er berga ned frå snøen medan eit 20-tal ikkje er funne. Onsdag henta Ola ned over 20 dyr frå Tælafjellet i Romådalen, men måtte forlate dei på Husbystølen i Romadalen da kveldsmørkeret kom.
Les heile sakaFargerikt kåra til månadens bilete i september
Kristian Gjeldnes er meisterfotografen bak månadens bilete i september, vi gratulerer! Les òg om kva lagret av innsendte bilete og ein svært lokal matbehaldar har til felles.
Les heile saka