24. august 2009 blei første innlegg lagt ut på Todalen.no, altså for eit år sidan. Her finn du litt informasjon om kor mange saker og besøkande sida har hatt gjennom det første året.
Les heile saka
24. august 2009 blei første innlegg lagt ut på Todalen.no, altså for eit år sidan. Her finn du litt informasjon om kor mange saker og besøkande sida har hatt gjennom det første året.
Les heile sakaDei siste dagane har alle i Todalen, Nordvik og Kvanne fått flygeblad med invitasjon til Trollheimsmarsjen i postkassen. Ein liknande PR-aksjon har foregått på Ålvundeidet og Sunndalsøra. På flygebladet finn ein all informasjon om marsjen og opplegget rundt arrangementet. Det er i år tredje gongen at marsjen blir arrangert, og søndag 29. august frå kl 8.30 til 11 går starten frå Bordholmen i Todalen.
Les heile sakaOnsdagskveld la 4H det første grunnlaget for den nye fritidsklubben som er planlagt på Bordholmen. Som kjent har 4H eit biljardbord som i mange år har stått bortgøymt. I går kveld vart det teke fram og tørka for støv og står nå klart på Bordholmen.
Les heile sakaDet har vore knytta spenning til vêrmeldingane for søndagens Trollheimsmarsj. I skrivande stund ser dette lovande ut, med solgløtt og 14 varmegrader utpå ettermiddagen på nettsida til Meteorologisk institutt. Med søraustleg vindretning på 2-3 meter i sekundet vert det nok bra tilhøve for turen over fjellet. Du kan halde eit auge med vêrmeldingane for Vardan ved å klikke på linken her.
Jon Bruset har vore på tur til Søyådalen, og har sendt oss ein bildeserie og nokre ord om turen. Han skriv: «På austsida av elva kjem ein først til Holtasetra, der dei heldt på med setringa lengst, til 1956. Like ved ligg Klokkargardssetra der setringa vart avslutta i 1946. Lengst inn på vestsida av elva ligg Mosetra der det var setring til 1937. På denne stølen sto også Øyskogsetra, som er oppattbygd som hytte.
Les heile sakaLaurdag 28. august (12.00-16.00) arrangerer Todalen Historielag og Stangvik Historielag familiedag i Svinvika, hos Gunn Tove og Sven Olav Svinvik. Dei kan by på eit variert program denne dagen, og sjølvsagt vert det høve til å ta både store og små lamaer i nærare øyesyn. Jon Bojer Godal vil orientere om byggeskikkar og bruk av tre i hus og båtar. Godal har allsidig erfaring om dette, mellom anna frå tida han var tilsett på Maihaugen.
Les heile sakaPersonen som har vore sakna vart funne på Nordvik. Sjå heimesida til NRK Møre og Romsdal.
Onsdag den 1. september kl 13.00 startar «Eldremiddagen i Todalen» opp etter sommarferien. Kokkar og matrettar vil vera attkjennande og staden er fortsatt Sanitetshuset. Vel møtt til gamle og nye gjester kvar onsdag kl. 13.00 framover hausten, skriv ledar for Eldremiddagen, Martinus Torvik i e-post til Todalen.no
Les heile sakaLaurdag inviterte Surnadal JFF til familiedag på Kårvatn. Aurefiske stod på programmet denne dagen, og med opplegg for grilling ved gapåahuken på Sommarfjøsvollen lågalt til rette for ein vellukka dag. Arrangementet kolliderte imidlertid med Søya Cup som hadde samla alle småtassar i aktuell aldersgruppe til fotballfest, fortel ledar i Kårvatnutvalget Ola Røe. Derfor vart det heller labert oppmøte på familiedagen, men dei som møtte fekk imidlertid full uttelling med juvfiske i Neåa og delvis i øverste delen av Toåa.
Les heile sakaSøya Cup 2010 er vel i hamn og vart eit vellukka arrangement. Det har deltake mange lag, og mykje folk møtte opp som tilskuarar på Søyabanen. God planlegging og dyktige funksjonærar gjorde arrangementet til ei suksessforestilling, med 78 kampar på 7 banar. Værgudane held seg også på arrangørens side, og gjorde dagen til ein festdag med fotball. Les meir på I.L. Søyas nettside, der du også kan sjå kampoppsettet og resultata frå kampane.
For ei veke sidan var veterangruppa frå Tingvoll I.L på tur til Neådalen. Da Tingvoll Gard hadde sauer i Neådalen var dei innhyra til sauleiting gjennom fleire år. Inntekta frå bruka dei for å finansiere tur til Holmenkollstafetten. No var dei attende for å jubilere og mimre på helgatur til Neådalen, der dei denne gongen kosa seg med fiske og kortare turar i området.
Les heile sakaSaniteten har starta på med fotpleie igjen. Første runde er torsdag 9., fredag 10. og måndag 13. september Det foregår som vanleg i Sanitetshuset på Kvennset.
Påmelding til Marit Sanden Søyset, tlf. 71 66 39 28 / 98 03 63 91.