Skaden på strumforsyninga til basen på Talgøsetra/Reiret var meir omfattande enn ein først trudde. Men i 14.30-tida meldte Svorka at breibandsbasen og Telia mobil igjen er operative frå basestasjonane på Talgøsetra – etter at skaden er midlertidig reparert.
Les heile saka
Sjølv om det er ei lita stund til kalendaren viser mai, så kan Vårsøghelga, som blir arrangert i Surnadal 23. – 26. mai, allereie no røpe litt av programmet for neste års Vårsøghelg. – Vi er glade og stolte over å kunne slippe nyheten om at Bugge Wesseltoft kjem til Vårsøghelga 2024 i Surnadal, heiter det i eit presseskriv frå Vårsøghelga.
Les heile saka
Dersom du har breibandleveranse frå Svorka sin base på Talgøsetra/Reiret, så har du sikkert litt problem med kontakten dit. Det har sin naturlige forklaring i tilfelle, for Solli Skog og tømmerdrifta ved Talgø Gard er den direkte årsaka.
Les heile saka
På flat mark er det nok rundt 50 cm tele no, og det er nok perfekte forhold for å drive med skogsdrift. Solli Skog er i full gang med skogsdrift for Talgø Gard, der Anita Talgø er grunneigar.
Les heile saka
Søndag 3. desemeber er første søndag i advent, og klokka 18:15, etter Todalen Idrettslag sin «adventsmiddag» i Todalen ungdomshus, inviterer Todalen bøgdalag til tenning av julegata mellom Matkroken Todalen og Talgø.
Les heile saka
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: På grunn av teknisk feil var turen fra Kvanne kl 06:00 innstilt. Frå kl 6.15 er det imidlertid normal drift igjen på sambandet, melder Fjord1
Siste kløverturen i 2023 gjekk i Toåa tursti i nydeleg vinterver; – minus ti grader, skyfri himmel og snødekt mark.
Les heile saka
Tysdag 5. desember kl. 19 inviterar Stangvik Historielag til fintenkjarkveld i Myrvang. Her skal den ferske boka til Lars Steinar Ansnes, «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen», presenterast. I tillegg blir det ein del anna triveleg program.
Les heile saka
Jula nærmar seg så mykje at Gjertrud har begynt å leite etter den store kassa med julepynt – og ikkje minst mistelteinen ho vil stille seg under før ho ropar på Olaf. Og det er heller ikkje tvil om at «it’s hard to be a nissemann» no. Det kan difor gjera seg med eit pusterom i julestria «and glæm the trouble» for ei lita stund. Travellin’ Strawberries held konsert på Surnadal kulturhus fredag 15. desember kokka 19:00, til ein herleg mix av «The Julekalender», Beatles, godt humør – og sikkert noko lealaus ansiktsmimikk frå Olaf Sand…
Les heile saka
Torsdag 30. november er det «deadline» både for å kjøpe julekalendere og for å være med og bidra med lokale og kortreiste gevinstar til årets julekalender. På biletet på framsida kan du sjå eksempel på gevinstar som alt er komne inn til Trimgruppa, og det er klart at det blir trekt fleire gevinstar kvar dag.
Les heile saka
«Vår vei ut. En fortelling om spiseforstyrrelser, skam og håp.» Dette er tittelen på boka som lege og forfattar Kari Løvendahl Mogstad har skrive i lag med dottera Selma.
Les heile saka
Fredag 1. desmber, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det nærmer seg jul, og ibakeriet er det høg aktivitet og mykje å gjere fram mot jul. For å sikre at alle får det dei vil ha, ønsker dei at så mange som mogleg førehandsbestiller bakst dei ønsker å kjøpe på fredag.
Les heile saka