September er rekna som den første haustmånaden, og i fjellet held hausten på og gjer sitt inntog. Sauene er på veg heim frå fjellet, og haustfargene trer fram og vert sterkare for kvar dag som går. Fredag starta rypejakta, og ein høyrer hyppige haglesmellar rundt omkring fjelltoppane. Jegrane som var med frå starten hadde fint turvêr i helga, sjølv om den søraustlege vindretninga ikkje er rekna som godt jaktvêr. Det er fint å gå i fjellet om hausten, og vi kan enno få mange fine turar før vinteren tek over og snøen kjem. Nytt høvet til å ta deg ein tur, og nyt den klåre fjellufta og den fine utsikten.
Les heile saka
Et pilotfjøs for melkeproduksjon hvor tre er hovedbyggematerialet er tatt i bruk på Averøya. Fjøset er et lettisolert fjøs i tre, utviklet for repeterbar og industriell bygging av MøreTre i samarbeid med melkebonde Finn Roger Trodal på Averøya. Prosjektet har støtte fra Innovasjon Norge/Trebasert Innovasjonsprogram. MøreTre melder allerede om flere forespørsler på konseptet og i følge melkebonden trives kyrne i nye omgivelser.
Les heile saka
Etter rimelig lang ventetid, har vi endelig premiene for månedens bilde klart. Vi har laget vårt eget todalen.no krus. Tidlegare vinnarar vil få sine krus i løpet av helga, og vi håpar dei fell i smak, kvar einaste dag!
Les heile saka
Trollheimstunnelen.no har lagt ut ein informasjonsfilm om tunnelen. Du kan sjå den nedanfor eller besøkja Trollheimstunnelen.no.
Les heile saka
I ettermiddag var det 5. divisjonskamp på Bordholmen mellom KvassUlvungen 2/SøyaTodalen og Halsa/Valsøyfjord. Resultatet blei 1-1 etter høyt press av heimelaget i sluttminutta, men sjansane gav ikkje uttelling.
Les heile saka
Avstemninga for månadens bilete i august er ferdig, og vinnaren blei Britt Mossing med biletet «Bakelsmåltid». Vi gratulerer, og premie vil bli overbragt snart.
Les heile saka
Onsdag kveld hadde Halsesamlinga årsmøte eller såkalla almannamøte i gammelskulen. Kriteria for å delta på årsmøtet er at du er todaling og formålet med Halsesamlinga er å ta vare på kulturarven etter forfattaren Leif Halse. Forutan vanlege årsmøtesaker var det to viktige saker som almannamøtet skulle ta stilling til. Den eine var flytting av Halsesamlinga fra Gammelskulen til biblioteket i Todalen oppvekstsenter og den andre var styrets forslag om å legge samlinga inn under Todalen historielag.
Les heile saka
I kveld var det ein spanande fotballkamp på Bordholmen. Vårt eige G10 lag møtte eit av G10 laga på Kvanne.
I eit forykande tempo frå start til slutt vart det scora heile 22 mål på under timen. Og for første gong denne serien, vart seieren til todalingane, med 13-9.
Les heile saka
Under dagens eldremiddag, som blir arrangert kvar veke i sanitetshuset, var det besøk frå ambulanse for å visa fram hjartestartaren som er innkjøpt i Todalen. Det var Arnt Ivar Brøndbo og Kari Halle som var på besøk, i tillegg til Ivar Bolme fra Todalen Brannlag.
Les heile saka
Ola Bruset og Nils Ove Bruset nytta finvêret sist helg til jakttur til Snøhettaområdet. Nils Ove har tildelt dyr der, og Ola var med som «sherpa» og fotograf. Resultatet av jakta vart heller magert, men dei hadde ei fantastisk fin helg i fjellet. Ola har sendt oss nokre bilde som vi legg ut som fotogalleri nedafor.
Les heile saka
GODT MOT, TODALEN minner om konferanse om bygdemobilisering i Stranda 24. – 25.september 2010. Konferansen er gratis og interesserte kan ta kontakt med GODT MOT, TODALEN v/Ragna Kvendset på tlf 48 000 144, innan 10.september.
Les heile saka
I løpet av sommaren har det kome inn mye bilete til oss for dagens bilete, og tida er inne for å kåra månadens bilete for august. Vi har fått inn mange gode bilete, og måtte ha med åtte kandidatar denne månaden.
Les heile saka