Det er song- og teaterkrefter frå Todalen og Åsskard som som har blankpussa songane og sjømannshistoriene når kabareten «Med segl og Wichmann» blir sett opp i Surnadal kulturhus laurdag 30. oktober 2010. Det er ein hyllest til slitet, motet og truskapen til fjordafolket, og stoffet er henta frå kvardagslivet i Bøfjorden og dei andre fjordbygdene på Nordmøre. Stoffet er utforma i vers og tonar av Bernt Bøe, som er anvarleg for både tekst og musikk.
Les heile saka
Surnadal Velværesenter arrangerer foredrag av Anbjørg Sætre Håtun, kjent fra helsemagasinet ”Puls” i NRK. Anbjørg Sætre Håtun er journalist og har jobbet med helse som stoffområde i 10 år. 2004 fikk hun livet snudd på hodet da hun ble rammet av brystkreft. Igjennom disse årene hadde Anbjørg fokus på hvordan mestre de utfordringene hun sto ovenfor. Foredraget holdes i Storstuå i Surnadal Kulturhus, 28. oktober kl. 19:00.
Les heile saka
Ein dau kronhjort var laurdag funne heilt yttert på Holmen, der Lauvåa og Toåa renn saman. Den store kronhjorten hadde vikla seg inn i plast og fleire uheldige omstender gjorde at han ikkje kom laus igjen, seier leder i Surnadal viltnemd Raganar Halle til Todalen.no. Det er sannsynleg at det er plastrestar som stammar frå storflaumen så langt attende som til 2003, da rundballar i hundretal reiste til fjords.
Les heile saka
Med stort og smått vart det rundt 20 personar som deltok på Start 4H’s tur til Nordviksetrene i dag. Heile turen gjekk i nysnø oppover skogsvegen frå forsamliungshuset på Nordvik, med vekslande nedbør. Etter ein og ein halv time var det difor godt å komma fram til seterstølen der det raskt vart opptent i ei av setrene og ei nærliggande hytte.
Les heile saka
Jaktlaget på sørsida av Todalen (Bruset/Øya/Ørsal/Halset) fekk storhjorten på post i dag. Bjørn Kvendset var den heldige jeger som fikk 14-takkeren på posten. Bjørn satt på post oppå Svarthamrå i Ørsal-lia, da hjorten kom saman med 2 koller. Med eit par velretta skot felte Bjørn 14-takkeren og ei av kollene.
Les heile saka
Energiregion Møre i samarbeid med Svorka inviterte i fjor 11 bedrifter i Surnadal, Rindal og Halsa til motivasjonsmøte for å komme i gang med eit pilotprosjekt for energiøkonomisering. Talgø Møbelfabrikk, T-Komponent og MøreTre er tre av i alt 9 nordmørsbedrifter som vart med på første del, som gikk ut på å gjennomføre ei enkel energianalyse av bedrifta, fortel rådgjevar Einar Oterholm i Energiregion Møre.
Les heile saka
Laurdag 23. oktober kl 13 opnar ho utstillinga «Parkett» i Kunstsentret i Molde. Denne veka har Toril Redalen og Narve Talgø vore i full sjau med monteringa i Kunstsentrets prosjektgalleri. På Kunstsentrets nettside finn du meir omtale om Toril og utstillinga i Molde.
Les heile saka
Da er ladning nr to med koppar ankomme Hals, klare for salg. Vi såg at dei med hank var mest populære, så dei har vi teke inn att rikeleg av, håpar vi.
Les heile saka
Todalen.no har fått tilsendt bileter frå den første utforkjøringa ( som i allefall er dokumentert) på den første snøen som kom litt brått på noken av oss. Ein ålvundfjording, bosatt i Surnadal freista i går morgon å komme seg til Kårvatn på sommardekk. Det gjekk ikkje så bra, og turen endte i grøfta ved Falla.
Les heile saka
Todalen sokneråd minner om familiegudstenesta søndag 24. oktober kl 11. Det blir da både utdeling av 4- og 6-årsbøker, konfirmantpresentasjon, dåp. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe, med saft og bollar til dei minste. Her finn du plakaten som PDF-dokument.
Soknerådet ønsker alle velkomne!
Måndag kveld var dei valgde foreldrekontaktane ved Todalen Oppvekstsenter samla for å sette det nye styret. Nyvalgt leiar vart Turid Sæther, nestleiar Laila Kvendset og skrivar Ola Einar Øyen. Dei resterande medlammane er Ann Kristin Kallset, Anne Hjørdis Telstad, Line Kvendset Anton Brusethaug og Ragna Kvendset
Les heile saka
I kveld var det baking på gang oppi Todalsskulen. Årets matgruppe laga diverse kaker og godt som no blir fryse ned, som skal serverast til haustfesten. Her finn du også ei oversikt over kva som skal skje vidare i 4H før haustfesten.
Les heile saka